Gevirgnaging kallar me det når reinsdyr gneg på gevira til andre individ i flokken, før gevira blir felte. Dette er ikkje det same som tygging på fallgevir, noko som er relativt vanleg.
Kva omfang har gevirgnaginga?
På landsbasis er gevirgnaging eit lite kartlagd fenomen. I tamreinsnæringa er det nesten ukjent, dei fleste med kjennskap til reindrift som eg har hatt kontakt med, kan berre melde om tygging på fallgevir. Frå Finnmark har eg nokre få opplysningar om at drektige simler gneg på gevira til andre simler i perioden rett før kalving (oplysning av Herdis Gaup Åmot, april 2020). I villreinområda er gevirgnaging kjent frå Nordfjella og frå Lærdal-Årdal villreinområde, begge stader er gevirgnaginga omfattande. Anslagsvis 4 av 5 drektige simler i dei to sistnemnde områda har mindre enn halvparten av geviret att ved kalvingstider. I Setesdalsheiene er gevirgnaginga velkjent, men varierer frå år til år (opplysning av Peter Hermansen, mars 2020). So langt eg kjenner til, er gevirgnaging registrert på Hardangervidda. Frå andre område har eg ingen opplysningar.

Simle i Nordfjella Sone 1 fotografert 15. mars 2016 etter at GPS-klave var påsett. Foto: Lars Nesse
Historiske opplysningar
Det er få historiske opplysningar om gevirgnaging, korkje frå Nordfjella eller frå andre plassar. Jørgen Jonson, reindriftssame frå Idre i Sverige, dreiv i perioden 1975–1978 flokken sin saman med Øystre Hol tamreinlag i Hol kommune, inne i Sone 1. Vinterbeitet var på Flyane, sommarbeitet i Rossdalen lengre vest. Dei dreiv gamaldags, intensiv gjeting, dyra var svært tamme. I 1978 flytta Jørgen Jonson dyra sine og dreiv saman med Filefjell reinlag, til han etter nokre år flytta til Idre med dyra. Øystre Hol tamreinlag dreiv enno nokre år fram til invasjonen av rein frå Hardangervidda i 1980-81 gjorde drifta umogeleg. Jan Eira var gjetar i laget frå 1975 til 1981. Han opplyser at dei hadde rundt 700 dyr, og at det gjerne kom ein del villreinbukkar, 2-300, inn i drifta. Korkje Jørgen Jonson eller Jan Eira kan minnast at dei nokon gong registrerte gevirgnaging, det gjeld både tamrein og villrein (opplysning av Jørgen Jonson og Jan Eira, mars 2020).
Det er ingen opplysningar om gevirgnaging i Lærdal-Årdal villreinområde medan den gamle villreinstamma var der, heller ikkje hjå tamreinen til Sletterust tamreinselskap som dreiv der frå 1972 til 1988.
I Nordfjella kom lokal villreinforvaltning i gang rundt 1960. Ved kalvingstider skulle teljinga gje grunnlag for å estimere tilveksten. Ei simle med gevir var det same som ein kommande kalv, og kollesimler var tomsimler. I dag ville denne metoden vera ubrukande. Kanskje kan dette tyde på at gevirgnaginga er eit nytt fenomen? (Opplysning av Lars Nesse, mars 2020.)
Årstidsvariasjon og kjønnsvariasjon
Medan gevira veks og er bastkledde, har gevira smertekjensle. Først når geviret er ferdig utvikla og basten døyr, kan gnaginga skje. Det finst observasjon av gnaging på gevir i denne perioden då gevira enno har bastrestar (opplysning av Lars Nesse, mars 2020). Bukkane går rett inn i brunsten etter feiing. Då er slåssing og paring det einaste som tel for bukkane. Alt før jul begynner bukkane å felle gevira. Dette forklarer kanskje kvifor det er simler som har nedgnegne gevir. Strukturtelling blir gjennomført av Villreinutvalet kvar haust, helst i oktober. Tellemannskap kan rapportere at simler gneg på gevira til andre simler (opplysning av Knut Fredrik Øy, mars 2020).
Gevirgnaginga skjer heilt fram til ingenting er att, eller til gevira blir felte, ettersom gevira blir mindre og mindre fram mot kalving. I denne samanhengen må me ha i mente at berre drektige simler har gevir ved kalvingstida, gjeldsimler mistar våpenet sitt tidlegare på vinteren. Om også bukkar tek del i gevirgnaginga, er ukjent.
Kva er grunnen til gevirgnaging?
Ingen kan sikkert seie noko om kvifor dyra gneg gevira til kvarandre. Eg kjenner tre aktuelle forklaringar:
- Mineralmangel
- Ein uvane som dyra har lagt seg til, og som unge dyr lærer av dei eldre
- Stressreaksjon tilsvarande halebiting hjå gris.
Mogeleg mineralmangel
Som alle andre organismar, treng reinsdyra høveleg tilgang på ei rekkje mineral. Gevirvekst aukar behovet. I mange fjellområde kan det vera lite mineral, eller ugunstig balanse i mineralltilgangen. I slike område kan reinen lide av mineralmangel, enten absolutt eller betinga. Det kan soleis verke logisk at reinen prøver å resirkulere minerala frå gevir. Dette er truleg grunnen til at reinen ofte tygg på fallgevir dersom han finn slike. Frå Finnmark vert gevirgnaging forklart med kalkmangel. Ein informant meiner det er mest vanleg dei åra mange simler er drektige sidan det då er få fallgevir å gnage på. (Tomsimler mister gevira i februar.)
Nordfjella har variert berggrunn, men kan slettes ikkje reknast som mineralfattig etter som det er store innslag av rike fylittbergartar i Nordfjella. Av den grunn blir det mindre sannsynleg at gevirgnaginga er eit resultat av mineralmangel. Det burde vera mogeleg å finne eit rimeleg sikkert svar på dette spørsmålet ved å analysere egna prøver som alt er samla inn frå reinen som vart utrydda i Sone 1, eventuelt ta nye prøver frå dyr i Sone 2.
Uvane
Reinen er eit utprega sosialt dyr med eit svært komplisert samspel i flokken. Heilt sikkert er mykje av oppførselen til reinen arveleg betinga, medan andre særtrekk er tillærd tradisjon som blir overført frå generasjon til generasjon. Eit eksempel på det siste er stressåtferda til uroa rein – dyra samlar seg og begynner kverne, alltid mot klokka. Alle utanom dyra i reinbeitedistrikt D14 Spiertanjarga (Karasjok), dei kvernar med klokka (opplysning av Herdis Gaup Åmot, mars 2020). Dette kan vanskeleg forklarast som anna enn tillærd åtferd. Mange sosiale pattedyr kan lære uvanar av kvarandre, eit kjent eksempel kan vera krybbebiting hjå hest. Når me vurderer gevirgnaging i lys av denne erkjenninga, er det lett å tenkje at gevirgnaging kan vera ein uvane. Ein uvane som har oppstått ganske nyleg, men før 1995, ettersom fenomenet finst hjå reinen i Årdal-Lærdal. Denne flokken var reetablert med dyr frå Nordfjella på den tida.
Stressreaksjon
Samanlikninga med halebiting hjå gris kan verke relevant. Men spørsmålet som straks melder seg er kvifor dette i so fall skjer i Nordfjella og i Årdal-Lærdal, og få andre stader.