fbpx
– Av Siri Wølneberg Bøthun (Sogn Naturforvalting AS), Anders Mossing (Norsk villreinsenter) og Hildegunn Mugås (Fjellheimen villreinutval) – 

Har du lagt merke til kva fargar som set preg på dei ulike fjellovergangane nokon gong? Dovrefjell er gult, med sine tjukke lavmatter som byd villreinen rikeleg med vinterbeite. Sognefjellet sin vestlege del har eit skarpt, alpint landskap, og malar Vest-Jotunheimen villreinområde i svart-kvitt, medan Vikafjellet, som kryssar Fjellheimen villreinområde, er grønt.

Våren 2020 låg ein ny Fjellheimen-rapport klar, frå prosjektet «Fjellheimen villreinområde, kartlegging av arealbruk». Prosjektet har samla kunnskap om både arealbruk og trekkruter nytta av villreinen, området sin rike førekomst av fangstminne og kva som bør bære viktige fokusområde for forvaltinga av dette fjellområdet. Forfattarane opplevde eit stort engasjement for villreinen og fjellområdet under arbeidet, og svært mange har bidrege med sin lokalkunnskap og med innspel. Her vil me presentere nokre av funna i kartlegginga, og håpar litt av særpreget til dette villreinområdet på vestlandet når «Villreinen» sine lesarar.

Fjellheimen-rapporten er publisert i Norsk villreinsenter sin rapportserie, med nummer 28/2020 (sjå villrein.no). Den er ført i penn av Bøthun (Sogn Naturforvalting), som arbeidde på oppdrag for Fjellheimen villreinutval. Arbeidet er gjort i tett samarbeid med utvalet, ved Mugås og andre ressurspersonar og med Norsk villreinsenter (NVS) ved Mossing. NVS var med i styringsgruppa, og kartleggingsmetodikken er forankra i senteret sin nye mal. Malen har dels og fått innspel frå erfaringar i Fjellheimen-prosjektet. Mossing hadde dessutan leiinga i den prosjektdelen som omhandla fokusområde (sjå siste avsnitt). 

Fjellheimen ligg i Vestland fylke, med areal i dei seks kommunane Voss, Vaksdal, Modalen, Høyanger, Vik, og Aurland. I tillegg til dette har Masfjorden kommune, vest for Modalen, avsett areal med status randområde for å ta vare på fjellområde tidlegare nytta av rein, som mogleg framtidig leveområde. Dei sju kommunane har saman vedteke Interkommunal kommunedelplan for Fjellheimen villreinområde. Kartlegginga er forankra i denne kommuneplanen sin handlingsplan. Fjellheimen villreinutval har vore initiativtakar og prosjekteigar, og har og lagt ned stor innsats i kartleggingsprosjektet. Villreinområdet er 1 688 km2 stort, og bestandsmålet har dei siste 15 åra lege på 500 vinterdyr. Det er vanleg å omtale 3 ulike delbestandar i Fjellheimen; den vesle «Kringsdalsflokken» heilt i sør-vest, «Volaflokken» som har hovudtilhald i Volaområdet og Stølsheimen, og den største, «Vikafjellsflokken» som har hovudtilhald på Vikafjellet. Mellom dei to sitnemnde er det ein del overlappande arealbruk, særleg om vinteren. 

Reinsjakt i Fjellheimen. Foto: Olav Bøthun
På reinsjakt i Solliane, som ligg innanfor området med rikare berggrunn i aust. Merk kor grønt fjellet er. Foto Olav Bøthun.

Beitetilhøva

Grønfargen du opplever på ein sommartur over Vikafjellet er ikkje tilfeldig. Den speglar eit svært rikt barmarksbeite, gjeve fjellet av ein gåvmild berggrunn og eit friskt jordsmonn som har rikeleg tilgang på fukt. 

Den rike berggrunnen i aust, med m.a. eit band av fyllitt langs begge sider av Vikafjellvegen og sørover til sentralt på Volahalvøya, bidreg til særleg gode sommarbeite her. Høg nedbør i vest kompenserer delvis for fattige grunnfjellsbergartar, og gjer også desse områda frodige med jamn tilgang på beite, men her er det og meir sva og bart fjell.

Randsonene kring villreinområdet har mange stader gode vårbeite med tidleg groe. Høgare delar av villreinområdet har ikkje nemneverdig tidleg vår, men når våren kjem går det fort. Villreinområdet har ei høg grøningsrate, det vil seie at det grønast raskt etter snøsmelting, samanlikna med andre villreinområde (Kjørstad et al 2017). Enda held området seg grønt og friskt til langt ut på hausten, m.a. pga. ein merknadsverdig høg andel snøleievegetasjon. I ei klassifisering av beite i dei ulike villreinområda presentert i NINA rapport 1400 (Kjørstad et al 2017) er det anslege grovt at 53 % av areala i Fjellheimen tilbyd grøntbeite, og at heile 42 % av arealet er klassifisert som gode grøntbeite. Det plasserer Fjellheimen på «grøntbeitetoppen» mellom norske villreinområde.

Området er mindre gåvmildt når det gjeld lavdominerte vinterbeite. I satelittbasert kartlegging finn ein ikkje noko, men kartlegging basert på flyfoto og bakkedata gjennomført på tidleg 80-tal har berekna at ein har lavbeiter på kring 7-8 % av arealet i vestlege delar og 13-14 % i austlege delar (Normark 1984). Sommaren 2020 vart det samla ny data frå området, m.a. for å betre metodane for tolking av satellittfoto (sjå artikkel av Rauset m.fl. i dette nr. av Villreinen), mange er spente på resultatet av dette!

Grøne plante, og ikkje berre lav, lyt reknast som ein vesentleg del av vinterføda til villreinen i Fjellheimen. 24,8 % av arealet er jfr. Kjørstad et al., areal som eignar seg som vinterbeite med vegetasjonstype dominert av lyng, gras og halvgras. Dette gjeld både plante som er iblanda lavmattene, lyngdominerte rabber og område under skoggrensa.

Oversiktskart Fjellheimen

Fjellskog i ytterkantar av området er viktige både seint på vinteren/tidleg vår, og i periodar med ising i dei høgareliggande beitene. I dei vestlege delane av området skjer ising av beita ofte. År om anna kan det og verte vanskelege tilhøve i heile villreinområdet. Ivaretaking av «reserveområda» dyra har i fjellskog er difor viktig for den langsiktige overlevinga av villreinstamma. 

Om arealbruken til ulike årstider

Kartleggingsprosjektet har resultert i kartfesting av områdebruk og trekkruter. Villreinen nytter svært mykje av området heile året. Graden av beite-overlapp synast truleg større enn den i realiteten er, men mosaikken som terrenget byd på gjer at det er kort veg mellom t.d. lyngrabben der dyra graver fram maten om vinteren og snøleievegetasjonen den finn utover sommaren.

Sjølv om reinen over år nytter svært store areal innanfor kvar årstid kom det tydeleg fram i kartlegginga, både ved datasett frå teljingar og gjennom informantopplysningar, at området har nokre kjerneområde som vert nytta meir enn andre. Sjølv om Naturbase syner eit areal som anten sommarbeite, vinterbeite, heilårsbeite eller kalvingsområde, har me i prosjektrapporten vald å syne kart der desse kjerneområda synast. Det peikar ut område der me lyt være særleg påpasselege med å unngå høg ferdsel. For Vikafjellsområdet peikar sentrale område med Fossfjellet, Store Muravatnet og Svindalsholtane seg ut som område der ein kan møte rein heile året. I Fresvikfjella og fjella over Feios, og på dei skarpe ryggane mellom Jordalen og Nærøyfjorden, finn dyra særleg vinterbeite med lav. Også Liabakken og ryggane ovanfor heile Vik sokn tilbyd lavbeiter, og er viktige vinter og vår. I Stølsheimen, dvs. på vestsida av Rv 13 har ein dei siste 20 åra hatt høgare bruk av austlege delar frå Grøndalen i sør (mest på sommar) til Urdeggi i nord (mest på vinter). Over eit lengre tidsperspektiv er areal langt vestover og forbi det store Skjerjavatnet viktige villreinareal.

Barmarksbeiter.

I Stølsheimen syner kartlegginga fram eit moment å undrast over. For sommarbeite synast det som om areala nord- og nordvest for kraftmagasina i området er gått ut av bruk. Desse store områda, som og inneheld frodige stølsdalar, har vore nytta av rein heile året tidlegare, men no er områda berre i bruk vinter og vår.

Volahalvøya, hovudsakleg i Voss kommune, har eit tydeleg kjerneområde kring dei store vatna sentralt i området. Om vinteren tyr dyra oftare ut på kantane, på markante fjellryggar både i sør og aust, og, som i 2020, også i nordvest. På austkanten, ned mot Holbygdi og Engjaland ligg skogsryggar dyra gjerne tyr til når beita isar, noko som kan skje høvesvis ofte i dette delområdet. 

Vinterbeiter.

Kulturminne

I Fjellheimen bestemmer topografien mykje om korleis dyra kjem frå A til B. Våre forgjengarar har visst å utnytte terrenget sine smale rygger og tronge passasjer. Villreinområdet er rikt på kulturminne, og austlege delar må kunne seiast å være spesiell også i nasjonal samanheng.

 

Dei nordlegaste av fjellryggane med fangstanlegg aust og søraust for Fresvikbreen. 

Mykje av kulturminna i området har samanfall med mange av trekka ein kjenner i dag, og dei peikar på omfattande fangst som vidare vitnar om god tilgang på dyr. I ei masteroppgåve i arkeologi diskuterer Frækhaug (2012) korleis villreinfangst må ha påverka samfunnsutviklinga i jarnalder og mellomalder. Vik har to godt bevarte mellomalderkyrkjer og rik førekomst av gravhaugar som peikar på stor rikdom og makt. På smale fjellryggar som ligg «på rekke og rad» på austsida av Fresvikbreen og sørover på austsia av heile Jordalen, ligg fangsanlegg eigna for store uttak av dyr. I alt har området heile 9 ulike anlegg i varierande storleik, alle med samlingar av bogestiller, nokre med dyregraver innimellom og fleire med lange ledemurar, tre av desse i kombinasjon med dyrestup. Eit døme er Tuftafjellet, der ein finn over 100 bogestiller, og ein mur som har ført dyra i fanget på jegerane, der dei som ikkje vart skotne for utfor eit stup. 

Vestover finn ein ei rekkje med lokalitetar som består av ei, eller nokre få dyregraver, einskilde saman med bogestille, spreidd utover frå Brydalsfjellet over Sognefjorden i nord-vest, til Kringsdalsområdet heilt i sør. Også einskildjegeren må ha klart å utnytte viltressursen i fjellet her, med si personlege dyregrav, plassert i eit klype over eit skard, ved ein vadestad over elv eller mellom vatn og brattberg.

Ledemur på Syringjefjellet, kombinert med 39 (registrerte) bogestiller. Foto: Anne Marie Bøtun Øyri.

Viktige trekk, sårbare areal – fokusområde

Dei største utfordringane i området er knytt til veg og ferdsel. Det er og store kraftutbyggingar i området, med Evangerutbyggingen som den største. Størst verknad på reinen har Rv 13 over Vikafjellet, som går tvers gjennom villreinområdet. Reinen finn enno nokre kryssingsplassar, og trekker både fram og tilbake, men trekkrutene er uroa, og den største delbestanden nytter areala på vestsida mindre enn tidlegare.

Trekkruter med kulturminne

Parallelt med kartlegginga av arealbruk vart det gjennomført eit arbeid med å identifisere og kartfeste område der rein møter menneske, ved inngrep og/eller ferdsel. Fokusområde er meint som ein reiskap i forvaltinga der prinsippet handlar om å få dei ulike aktørane i eit område, kvar med sine ansvarsområde og interesser, til å samarbeide og finne felles mål og tiltak

De fem høyest rangerte fokusområdene i Fjellheimen, samt trekkpassasjer for villrein.

Arbeidet vart gjennomført gjennom to dagsseminar, der ei rekke aktørar, frå vegvesenet og kraftprodusentar til turlag, bondelag, jakt-valdansvarlege og offentleg forvalting vart inviterte.

Dei fokusområda som handla om kryssingsmoglegheitene over Rv 13 vart rangert som dei viktigaste (nr 9, 10 og 11 i kartfiguren), medan mange av dei utpeikte områda handla om plassar der ein ser ei utvikling av aukande ferdsel, men der ein så langt ikkje kan påpeike at villreinen faktisk har fått redusert tilgang på areal (ikkje vist i kartfiguren). Desse områda er teke med vidare slik at ein kan fylgje med, og være bevisste i planlegging, utmarksforvalting og ikkje minst i høve til tilrettelegging og marknadsføring mot turistar.

Med felles, overordna arealplan for heile villreinområdet, og med no oppdatert kunnskap om korleis villreinen nytter området og kva som er dei viktigaste utfordringane, er trua styrka på at me klarer å ta vare på Fjellheimen som villreinområde.

Referanser

Frækhaug, A. M. 2012. Den samfunnsnyttige betydningen av villreinfangst i jernalder og middelalder. En analyse med utgangspunkt i fangstanlegg i Vik og Aurland  i Sogn. Masteroppgave i arkeologi, UiB.

Etter mange forsøk har ein reinsflokk omsider lukkast å krysse Rv 13 ved Hestavoll.

Pin It on Pinterest

Share This