fbpx
 – Av Kåre Rudningen, veterinær, bonde og reinsdyrjeger. Tidlegare distriktsveterinær og seniorinspektør i Mattilsynet – 

Gevirgnaging kallar me det når reinsdyr gneg på gevira til andre individ i flokken, før gevira blir felte. Dette er ikkje det same som tygging på fallgevir, noko som er relativt vanleg.

Kva omfang har gevirgnaginga?

På landsbasis er gevirgnaging eit lite kartlagd fenomen. I tamreinsnæringa er det nesten ukjent, dei fleste med kjennskap til reindrift som eg har hatt kontakt med, kan berre melde om tygging på fallgevir. Frå Finnmark har eg nokre få opplysningar om at drektige simler gneg på gevira til andre simler i perioden rett før kalving (oplysning av Herdis Gaup Åmot, april 2020). I villreinområda er gevirgnaging kjent frå Nordfjella og frå Lærdal-Årdal villreinområde, begge stader er gevirgnaginga omfattande. Anslagsvis 4 av 5 drektige simler i dei to sistnemnde områda har mindre enn halvparten av geviret att ved kalvingstider. I Setesdalsheiene er gevirgnaginga velkjent, men varierer frå år til år (opplysning av Peter Hermansen, mars 2020). So langt eg kjenner til, er gevirgnaging registrert på Hardangervidda. Frå andre område har eg ingen opplysningar.

Nordfjell sone 1 villrein

 Simle i Nordfjella Sone 1 fotografert 15. mars 2016 etter at GPS-klave var påsett. Foto: Lars Nesse
Historiske opplysningar

Det er få historiske opplysningar om gevirgnaging, korkje frå Nordfjella eller frå andre plassar. Jørgen Jonson, reindriftssame frå Idre i Sverige, dreiv i perioden 1975–1978 flokken sin saman med Øystre Hol tamreinlag i Hol kommune, inne i Sone 1. Vinterbeitet var på Flyane, sommarbeitet i Rossdalen lengre vest. Dei dreiv gamaldags, intensiv gjeting, dyra var svært tamme. I 1978 flytta Jørgen Jonson dyra sine og dreiv saman med Filefjell reinlag, til han etter nokre år flytta til Idre med dyra. Øystre Hol tamreinlag dreiv enno nokre år fram til invasjonen av rein frå Hardangervidda i 1980-81 gjorde drifta umogeleg. Jan Eira var gjetar i laget frå 1975 til 1981. Han opplyser at dei hadde rundt 700 dyr, og at det gjerne kom ein del villreinbukkar, 2-300, inn i drifta. Korkje Jørgen Jonson eller Jan Eira kan minnast at dei nokon gong registrerte gevirgnaging, det gjeld både tamrein og villrein (opplysning av Jørgen Jonson og Jan Eira, mars 2020). 

Det er ingen opplysningar om gevirgnaging i Lærdal-Årdal villreinområde medan den gamle villreinstamma var der, heller ikkje hjå tamreinen til Sletterust tamreinselskap som dreiv der frå 1972 til 1988.

I Nordfjella kom lokal villreinforvaltning i gang rundt 1960. Ved kalvingstider skulle teljinga gje grunnlag for å estimere tilveksten. Ei simle med gevir var det same som ein kommande kalv, og kollesimler var tomsimler. I dag ville denne metoden vera ubrukande. Kanskje kan dette tyde på at gevirgnaginga er eit nytt fenomen? (Opplysning av Lars Nesse, mars 2020.)

Årstidsvariasjon og kjønnsvariasjon 

Medan gevira veks og er bastkledde, har gevira smertekjensle. Først når geviret er ferdig utvikla og basten døyr, kan gnaginga skje. Det finst observasjon av gnaging på gevir i denne perioden då gevira enno har bastrestar (opplysning av Lars Nesse, mars 2020). Bukkane går rett inn i brunsten etter feiing. Då er slåssing og paring det einaste som tel for bukkane. Alt før jul begynner bukkane å felle gevira. Dette forklarer kanskje kvifor det er simler som har nedgnegne gevir. Strukturtelling blir gjennomført av Villreinutvalet kvar haust, helst i oktober. Tellemannskap kan rapportere at simler gneg på gevira til andre simler (opplysning av Knut Fredrik Øy, mars 2020).

Gevirgnaginga skjer heilt fram til ingenting er att, eller til gevira blir felte, ettersom gevira blir mindre og mindre fram mot kalving. I denne samanhengen må me ha i mente at berre drektige simler har gevir ved kalvingstida, gjeldsimler mistar våpenet sitt tidlegare på vinteren. Om også bukkar tek del i gevirgnaginga, er ukjent.

Kva er grunnen til gevirgnaging?

Ingen kan sikkert seie noko om kvifor dyra gneg gevira til kvarandre. Eg kjenner tre aktuelle forklaringar:

  • Mineralmangel
  • Ein uvane som dyra har lagt seg til, og som unge dyr lærer av dei eldre
  • Stressreaksjon tilsvarande halebiting hjå gris.
Mogeleg mineralmangel

Som alle andre organismar, treng reinsdyra høveleg tilgang på ei rekkje mineral. Gevirvekst aukar behovet. I mange fjellområde kan det vera lite mineral, eller ugunstig balanse i mineralltilgangen. I slike område kan reinen lide av mineralmangel, enten absolutt eller betinga. Det kan soleis verke logisk at reinen prøver å resirkulere minerala frå gevir. Dette er truleg grunnen til at reinen ofte tygg på fallgevir dersom han finn slike. Frå Finnmark vert gevirgnaging forklart med kalkmangel. Ein informant meiner det er mest vanleg dei åra mange simler er drektige sidan det då er få fallgevir å gnage på. (Tomsimler mister gevira i februar.)

Nordfjella har variert berggrunn, men kan slettes ikkje reknast som mineralfattig etter som det er store innslag av rike fylittbergartar i Nordfjella. Av den grunn blir det mindre sannsynleg at gevirgnaginga er eit resultat av mineralmangel. Det burde vera mogeleg å finne eit rimeleg sikkert svar på dette spørsmålet ved å analysere egna prøver som alt er samla inn frå reinen som vart utrydda i Sone 1, eventuelt ta nye prøver frå dyr i Sone 2. 

Uvane

Reinen er eit utprega sosialt dyr med eit svært komplisert samspel i flokken. Heilt sikkert er mykje av oppførselen til reinen arveleg betinga, medan andre særtrekk er tillærd tradisjon som blir overført frå generasjon til generasjon. Eit eksempel på det siste er stressåtferda til uroa rein – dyra samlar seg og begynner kverne, alltid mot klokka. Alle utanom dyra i reinbeitedistrikt D14 Spiertanjarga (Karasjok), dei kvernar med klokka (opplysning av Herdis Gaup Åmot, mars 2020). Dette kan vanskeleg forklarast som anna enn tillærd åtferd. Mange sosiale pattedyr kan lære uvanar av kvarandre, eit kjent eksempel kan vera krybbebiting hjå hest. Når me vurderer gevirgnaging i lys av denne erkjenninga, er det lett å tenkje at gevirgnaging kan vera ein uvane. Ein uvane som har oppstått ganske nyleg, men før 1995, ettersom fenomenet finst hjå reinen i Årdal-Lærdal. Denne flokken var reetablert med dyr frå Nordfjella på den tida.

Stressreaksjon

Samanlikninga med halebiting hjå gris kan verke relevant. Men spørsmålet som straks melder seg er kvifor dette i so fall skjer i Nordfjella og i Årdal-Lærdal, og få andre stader.

CWD simle Nordfjella
Fyste dyret med klassisk CWD i Europa, fotografert 15. mars 2016. Simla vart liggjande etter at flokken hadde vorte jaga av helikopter i eit forsøk på å utstyre dyr med GPS-halsband. Faktisk er dette det einaste dyret som har vist kliniske symptom på sjukdom. Simla døydde etter kort tid. Alle dei 18 andre reinane frå Nordfjella som har testa positivt på CWD har vore symptomfrie. Foto: Lars Nesse
Er gevirgnaging ein smitteveg for CWD?

Det kan tenkjast at skrantesjuka er ein parallell til kuru-sjukdommen hjå menneske. Kuru var ein sjukdom hjå Fore-stamma i høglandet inne på Papua Ny Guinea. Sjukdommen vekte vitskapleg interesse midt på 1900-talet, og forsking på kuru har gjeve vesentlege bidrag til vår noverande kunnskap om ei heilt spesiell sjukdomsgruppe – prionsjukdommar. Dette er hjernesjukdommar, dei gjev endringar i hjernevevet som kan likne på Parkinsons sjukdom og fleire andre hjernesjukdommar. Dei fleste tilfelle med prionsjukdommar hjå menneske (kalla CJD – Creutzfeldt–Jakob disease) har arveleg eller spontant opphav. Truleg er denne fordelinga også vanleg hjå dyr, men hjå dyr er det dei smittsame prionsjukdommane me kjenner best. Både hjå menneske og dyr kan prionar overførast frå eitt individ til eit anna. Heldigvis skjer dette sjeldan heilt av seg sjølv, me kjenner berre to prionsjukdommar som er smittsame, skrapesjuke hjå småfe og skrantesjuke hjå hjortedyr. Alle andre prionsjukdommar må ha «kunstig» hjelp for å passere frå eit individ til eit anna individ. Eit eksempel på kunstig overføring fekk me då me gjorde kyr til «kjøtetarar» ved å fôre med kjøtbeinmjøl. Dette gjorde at kugalskap kunne spreie seg. Den mest effektive overføringa skjer i laboratorium når forskarar podar hjerneekstrakt frå eit sjukt individ direkte inn i hjernen på forsøksdyr. (Det var slik Carleton Gajdusek prova at kuru var overførbar då han poda hjerneekstrakt frå nyleg kurudød person på forsøksape Kuru, the First Human Prion Disease).

Kurusmitte kunne passere frå individ til individ på grunn av rituell kannibalisme. Kannibalismen var del av gravferda. Åndskreftene til den døde skulle bevarast og røktast i stamma, og ikkje gå tapt til makk og flugelarver. Kvinner var dei som best kunne ta imot og føre åndene til den avlidne vidare, det var dei som fødde barn. Kvinnene delde gjerne måltidet med barna. Soleis var det var kvinner og små barn som utvikla kuru. Rituell kannibalisme var forbode for mange tiår sidan, og siste pasienten med kuru døydde i 2009. (When People Ate People, A Strange Disease Emerge.)

Skrantesjuke er ein prionsjukdom, akkurat som kuru. Prionane i eit skrantesjukt reinsdyr finst i mange ulike vev, det veit me. Kanskje i alle slags vev, til og med i gevir utan bast? R-talet, eller smittetalet, er eit epidemiologisk faguttrykk som er blitt allemannseige no i koronatida. Rituell kannibalisme gav eit R-tal høgare enn 1, det var einaste drivaren i kuru-endemien. Er gevirgnaginga med på å heve R-talet for skrantesjuke-enzootien hjå norske reinsdyr slik at det blir høgare enn 1, og dermed gjera skrantesjuke til ein enzooti? (Enzooti er ein smittsam dyresjukdom med avgrensa geografisk utbreiing.)

I alt 19 reinsdyr frå Nordfjella har testa positivt på skrantesjuke, 13 bukkar og 6 simler. Viss det er rett slik eg her har beskrive at simlene er ivrigaste gnagarane, vil kjønnsfordelinga av skrantesjuke dyr vera eit argument som talar mot hypotesen om gevirgnaging som drivar i smittespreiinga. Dette bør undersøkast nøyare.

Konsekvensar for villreinforvalting, vidare utgreiing og kartlegging

I mine auge er spørsmålet om kor vidt gevirgnaging kan vera ein årsak til utbrotet av skrantesjuke heilt avgjerande viktig i kampen mot skrantesjuke. Det burde interessere fleire enn uss i Nordfjella at hypotesen om gevirgnaging som drivar i sjukeutbrotet vert nøye vurdert av rette fagfolka. Viss teorien med stor sikkerheit ikkje kan avvisast, meiner eg at følgjande oppgåve må utførast:

  1. Gjennomføre aktuelle undersøkingar som kan avklare ein eventuell mineralmangel.
  2. Gjennomføre ei landsdekkande kartlegging av gevirgnaging, eksempelvis ved å spørja villreinutval, SNO-personell og/eller reindrifts­agronomar. Kartlegginga må omfatte både noverande og historiske observasjonar.
  3. Ta i bruk relevante testmetodar for å sjå om gevir frå CWD-positive reinar inneheld prionar.
  4. Innhente vurdering frå etologar (ekspertar på dyreåtferd) om gevirgnaging kan vera ein uvane.

 

Til slutt vil eg oppmode deg som har orka lesa innlegget mitt heilt til endes, å tenkje etter om du kan ha opplysningar om gevirgnaging, enten det er i Nordfjella eller andre stader. Fotodokumentasjon er spesielt verdfull. Eg vonar det kjem i gang ei systematisk innsamling av observasjonar. Sjølv nøyer eg meg med å setja punktum no.

Gevirgnaging Setesdal
Gevirgnaging på rein i Setesdalsheiene. Foto: Peter Hermansen, SNO

Her er en annen interessant artikkel om gevirgnaging og skrantesjuke (forskersonen.no).

Kan gevir-kannibalisme forklare utbrudd av skrantesyke blant villrein?

Pin It on Pinterest

Share This