fbpx
 – Av Kåre Rudningen, veterinær, bonde og reinsdyrjeger. Tidlegare distriktsveterinær og seniorinspektør i Mattilsynet. –

 Nordfjella skal huse villreinflokkar i framtida. Frisk villrein. Dels til glede for folk flest, endå meir til glede for uss med rifla over aksla, men mest av alt til nytte og jublande glede for naturen og reinen sjølv. Eg har føreslege å nytte tamrein som utgangspunkt. Motargumenta har vore mange, og dei har fått meg til å spekulere på kva som skil vill og tam rein. Det eg har lese og fundert meg fram til, fortel meg at me har skjelsetjande val framføre uss, me som ynskjer at våre etterkommarar skal oppleve villreinen i fjella. 

I Noreg er det kring 280 000 reinsdyr rekna som vinterdyr, av desse er 33 000 villrein, resten tamrein. Eg meiner me kan bruke tre kriterium for å skilja villrein frå tamrein:

  1. Forvaltningsstatus
  2. Genetisk opphav
  3. Åtferd
Toppfoto: Runar Bjøberg frå Filefjell reinlag held ein «botut» kalv. Kanskje er kalven ein representant for domnestiseringssyndromet? Slike dyr dukka opp i flokken for eit par tiår sidan. Mange av desse blir spara og brukte som avlsdyr. 

Forvaltningsstatus, kva seier lova?

Naturmangfaldlova er det overordna rettsgrunnlaget for både tam og vill rein. Tamreindrifta blir regulert av Reindriftslova som slår fast at all tamrein har ein juridisk eigar. Ein viktig regel er at vaksne tamrein skal vera merka. Merkeplikta legg føringar for drifta, dyra må regelmessig samlast i kve. Villreinen har ingen eigar, han blir forvalta av offentlege organ med Viltlova som det sentrale rettsgrunnlaget. Heilt avgjerande er spørsmålet kor reinen oppheld seg. I samiske område har samar einerett til tamreindrift basert på sedvanerett og internasjonale urfolkrettar. I ikkje-samiske område må dei som har beiterett, søkje om løyve til tamreindrift. Rein som ikkje har tilhald i tamreinområde, er villrein. Det er i alle fall utgangspunktet, om me ser burt frå enkeltdyr eller flokkar som beviseleg har rota seg over på feil side av grensa heilt nyleg. 

Men som mangt anna i jussen, kan også skiljet mellom villrein og tamrein kompliserast. Tre tamreinlag har ei drift som mest liknar villreinforvaltning. Eit av laga er Hardanger og Voss reinsdyrlag. Laget har ei vinterstamme på 300 dyr, og held til mellom Hardangerfjorden og Voss. Laget vart stifta i 1928, og grunnstamma er tamrein som i lang tid hadde levd i fjella her. (Boka ”Reinsdyrhistorie” forfatta av Aslak J. Himle). Det andre laget er lokalisert sør for Hardangerfjorden. Her lever ein reinsdyrflokk på vel 50 vinterdyr som tilhøyrer Reinsdyrlaget Folgefonnhalvøy SA. Laget vart starta i 1927, og reinen stammar frå tamrein. (Informasjon frå leiar i laget, Øyvind Terjesen.) Begge desse flokkane i Hardanger får tilført «nytt blod», regelmessig innkjøp av bukkar frå tamreinlag sørger for det. Det tredje tamreinlaget som praktiserer «villreinforvaltning» er Rendalen Renselskap SA. Laget er klart større enn dei to andre, rundt 2000 vinterdyr, og vart starta i 1912. (Driftsplan 2016 – 2020). Dersom dyra til Rendalen Renselskap trekkjer langt nok nordover og kryssar kommunegrensa til Tolga, kjem dei inn i Tolga Østfjell villreinområde. Er dei då villrein, og kva er dei når dei dreg sørover og kryssar grensa på nytt? Alle desse tre laga har fritak frå merkeplikta. Fritaket opnar for at dyra ikkje trengst samlast i kve, og drifta i desse laga blir til forveksling lik det me kjenner frå villreinområda. Slaktinga skjer ute i det fri, der dyra blir avliva med rifleskot mot brystregionen. Verdt å merke seg er ein imponerande høg fellingsprosent i alle laga, noko som borgar for høgt presisjonsnivå i forvaltninga.

Fleire gonger har styresmaktene gjort tamrein om til villrein. Dels har det skjedd når lokale rettigheitshavarar har fått reintome fjell godkjende som villreinområde og sett ut tamrein i områda. Dette skjedde i Skaulen-Etnefjell året 1976, Oksenhalvøya 1989, Sunnfjord 1975, Førdefjella 1967 og Svartebotnen 1975. Andre stader har restar av tamreinsflokkar danna grunnlag for nyetablerte villreinstammer. Her kan nemnast Norefjell-Reinsjøfjell der alle dyra ættar frå tamrein som i 1992 vart omgjort til villrein, i fyste omgang i ein periode på 10 år. Tre andre villreinområde har dyr som i det vesentlege er etterkommarar frå tamrein, rett nok med varierande små innslag av stadeigen villrein. Dei tre er Reinheimen-Breheimen der tamreindrifta vart nedlagd i 1965, Vestjotunheimen som avvikla tamreindrifta i 1960 og Forelhogna der villreinjakta vart opna I 1956.

Sett i lys av denne tradisjonen med å vedta at tamrein blir til villrein, er det ein må sjå forslaget om å gjera Jotunheimen om til villreinområde, omtala i avisa Oppland Arbeiderblad. (Lesarinnlegg av Jørgen Noreng, 7. januar 2021.)

 

Genetisk kartlegging avslører slektskap og innvandringsrutene etter siste istid 

All rein, medrekna amerikansk karibu, høyrer til same arten, Rangifer tarandus. Det er vanleg å rekne 7 underartar, i tillegg eksisterte ein utdøydd underart på Aust-Grønland. All rein i Noreg, både vill og tam, høyrer til same underarten, eurasiatisk tundrarein (Rangifer tarandus tarandus). Siste tiåra har forsking på arvestoffet DNA avdekt slektskap mellom bestandar og kartlagd forgreiningar i stamtrea. Denne nyvunne kunnskapen viser at det har vore tre innvandringar til Skandinavia. Dei fyste to kom frå kvar sin kant rett etter istida, frå der reinen hadde overlevd medan isen dekte alt fastland i nordlege Eurasia. Ei austleg innvandring frå Beringområdet vart opphavet til rein i nordlegaste delen av Norge. Samstundes kryssa rein frå Sør-Europa elva som fløymde ut i Kattegat, om lag der Øresundbrua er i dag. Eller kanskje kryssa reinen Norskerenna frå Doggerlandet. Rein frå aust og rein frå sør blanda seg lite, dei delde den skandinaviske halvøya mellom seg. Grensa gjekk i nordlege deler av Gudbrandsdalen. Ei tredje innvandring til Norge kjem med tamreindrift fleire tusenår seinare. Enno har ikkje vitskapen kunne seia nøyaktig kor tamreinen kom frå. Kanskje kom både kunnskapen om tamreindrift og tamreinen austfrå? (Klassekampen 10.juli 2018, Ivar Bjørklund, Hvor gammel er tamreinen?) Det har vore vanleg å hevde at tamrein stammar frå svensk skogsrein. I mine auge er dette både feil og forvirrande, i og med at all rein i både Sverige og Norge, både tam og vill, høyrer til same underart. Svensk skogsrein, i den grad me kan kalle svensk rein for skogsrein, må helst kallast ein økotype. Det er ikkje tale om eigen underart slik som finsk skogsrein (R.t.fennicus). Sverige er heller ikkje den mest sannsynlege opphavsplassen til tamreindrift.

 

Når og korleis vart reinsdyra tamrein? 

Tamrein er knytt til urfolk i arktiske og alpine strok i Europa og Asia. I Norden er tamreindrift ein stor del av samisk kultur. Sikkert er det at folk i Sapmi alltid har levd tett på rein. I eldre tider jakta dei rein, i dag er det berre tamreindrift. Ein gradvis overgang frå jakt enda med tamreindrift som einerådande i alle samiske område for om lag 500 år sidan. Eldste historiske kjeldematerialet om tamrein kjem merkeleg nok frå England: «Mer kjent er den nordnorsk vikinghøvdingen Ottars beretninger til Kong Alfred på slutten av 800-tallet. Ottar fortalte at han hadde ca. 600 rein, deriblant 6 lokkerein som var svært verdifulle blant ”finnene”, fordi de ble benyttet til villreinjakt» (Frå Landbruksdirektoratets nettside om historia til tamreindrift.) Eit interessant spørsmål er om reinen til Ottar var temd lokal villrein eller importert tamrein. 

Ikkje berre samane, men også fjellbønder i Sør-Norge, fatta interesse for tamreindrift. Frå midten av 1700-talet har det vore tamrein i so godt som alle sørnorske fjellområde. Reinsdyr og kunnskap vart henta frå samiske område, mest frå Trøndelag. Ofte vart samar leigde inn som gjetarar. Det var heile tida kontakt, og konflikt, med villreinen. For tamreindrifta var villreinen ei plage. Kom villrein inn i tamreinflokkane, uroa dei alt og alle og gjorde gjetinga vanskeleg. Og kom tamreinen seg inn i villreinflokkar, vart dei forvilla, tapt for alltid. Fram til førre århundreskiftet auka omfanget av tamreindrift i heile Sør-Norge. (Ivar A Opdal, Tamreindrift og fjellfolk, 1956.) Talet på villrein minka tilsvarande, og dei villreinflokkane som framleis var att, vart utblanda med tamrein. Restriksjonane tyskarane la på ferdsel i fjellet under okkupasjonen, vart dødsstøyten for mange tamreinlag. Økonomien til tamreinlaga vart dårlegare i åra etter krigen, mange lag gav opp og attverande dyr vart villrein. I dag er det fire ikkje-samiske tamreinlag i Gudbrandsdalen og i Valdres/Hallingdal, og som alt nemnt tre «halvville» tamreinslag i Rendalen og i Hardanger.

 

Arvestoffet til villreinen

Reinen som i dag lever i Langfjella, frå Lærdal-Årdal i nord til Setesdalsheiene i sør, er blandingsdyr, genetisk sett. Grovt rekna kjem ein tredel av arvestoffet deira frå den gamle Sør-Norske villreinen. Resten, to tredelar, er frå tamrein. Ein del små villreinstammer, eksempelvis i Brattefjell-Vindeggen villreinområde, er avleggjar av den sørnorske langfjellareinen, og det er rimeleg å rekne at dei har same arvestoffet som opphavet. 

I Dovre og Rondane lever etterkommarar av villreinen som vandra inn frå aust. Også den er etter kvart blitt blanda ut som følgje av at tamrein har komme inn i flokken. Men innslaget av tamrein er mindre hjå desse enn hjå nokon annan reinsdyrstamme her i landet, meir enn halvparten av arvestoffet er av godt, gamalt opphav frå Beringrein.

Reinen i mange av dei mindre villreinområda, eksempelvis Sunnfjord, har mest berre arvestoff frå tamrein. Det same gjeld for eit par større villreinområde, Forelhogna og Reinheimen-Breheimen.

Berre ein einaste stad kan me finne ublanda, ekte norsk villrein, om me brukar arvestoffet som einaste kriterium. Det er kortbeint og tillitsfull svalbardrein.

 

Domnestiseringssyndromet og epigenetiske skilnader mellom vill og tam rein

I tamreinflokkar kan me sjå kvite dyr, og somme tider dyr med tilfeldige fargemønster. Synet kan få ein til å tenkje på domnestiseringssyndromet. Dette er eit fenomen som Darwin omtala. Han merka seg at mange artar husdyr skil seg frå sine ville artsfrendar på systematisk vis, uavhengig av art. Endringane er mange, her nemner eg einast at hudpigmenteringa minkar slik at dyra får lyse hudparti og at husdyra blir meir tillitsfulle. Nyare forsking kan tyde på at dette skuldast ei endring tidleg i fosterutviklinga i ein struktur av stamceller som på engelsk blir kalla Neural crest cells, på norsk nevrallista. I følgje teorien kan desse endringane skje hjå alle artar, og vil gå i arv frå ein generasjon til den neste. Arvegangen er komplisert, styrt av fleire gen. I ein villpopulasjon har individ med dette syndromet ulemper og evolusjonært press sørgjer for rask eliminering. Som tamdyr har dei ofte vore attraktive alsdyr. Etter ein del generasjonar med målstyrt avlsarbeid kan dermed alle husdyr bestå av individ med domnestiseringssyndromet. (Adams med fleire: The “Domestication Syndrome” in Mammals: A Unified Explanation Based on Neural Crest Cell Behavior and Genetics.)

Pattedyr har mange ulike vevstypar, bygd opp av kvar sine spesialiserte celler. Likevel har kvar einaste celle i eit individ, uansett vevstype, identisk DNA – alle har ei komplett oppskrift på alle vevstypar i si cellekjerne. Eit overordna styringssystem syter for at mesteparten av DNA-et blir inaktivert, berre den delen som trengst for at organet skal fungere, er aktivt. Ytre faktorar, det vil seie miljøet der individet lever, verkar inn på dette overordna styringssystemet. Denne teorien har namnet epigenetikk. Teorien seier også at når ei celle deler seg i to, arvar dei to nye cellene den epigenetiske tilpassinga frå utgangcella. Epigenetiske tilpassingar som er knytta til eggceller eller sædceller, kan gå i arv frå foreldre til avkom. Epigenetisk teori gjev støtte til Jean-Baptiste de Lamarck. Hans lære om at erverva eigenskapar blir overført frå foreldre til avkom var dominerande fram til Darwin la fram evolusjonsteorien. (Store Norske leksikon. Epigenetikk.)

Er domnestiseringssyndromet til stades hjå tamrein? Og kan skilnadane me observerer mellom vill og tam rein vera epigenetiske tilpassingar? To kompliserte spørsmål utan sikre svar, i alle fall med dagens kunnskap. Det einaste eg er sikker på, er at so vel domnestriseringssyndromet som epigenetikk må bli diskusjonstema dersom tamrein skal vurderst som donorbestand for Nordfjella.

 

Lys bukk, nesten kvit, i villreinstamma på Norefjell–Reinsjøfjell. Foto: Fred Ivar Aasand
Lys bukk, nesten kvit, i villreinstamma på Norefjell–Reinsjøfjell. Foto: Fred Ivar Aasand

 

Kan tradisjon og åtferd vera eit grunnlag for å skilje villrein frå tamrein?

Tamreinen er spak og tillitsfull, villreinen er sky og var. Ligg årsaka til det eine og aleine i gena? Reimers skriv i boka «Våre hjortedyr» at rein som ættar frå tamrein er mindre årvakne enn artsfrendar som ættar frå gamal villrein, at meir stress skal til før tamreinsætlingane flyktar, samt at fluktavstanden er kortare. Ser me til tamrein, oppdagar me straks at oppførselen speglar driftsforma. Gjeting og tilleggsfôring formar tamreinen. Gjetinga kan vera alt frå intensivt tilsyn 24–7 til sporadisk patruljering der tilsynsfrekvensen varierer avhengig av årstid og anna. Truleg har tamreinen vorte skyare dei siste 50 åra. Før snøskuteren, firehjulingen og helikopteret kom i bruk, måtte reinen vera so tam at flokken kunne handterast av gjetarar til fots eller på ski, med hund og lasso som einaste hjelpemiddel utanfor beitehagen.

Viss det eg skreiv i førre avsnitt er rett, ser konklusjonen ut til å bli at åtferda til villreinen er arveleg, medan den i langt større grad er miljøpåverka for tamreinens del. Det må vera riv ruskande feil, so la uss ta det frå botnen: Alle livsytringar har eit genetisk grunnlag. Høgareståande individ kan i tillegg tilpasse åtferda etter kva miljøet krev, dei kan lære av eigen erfaring eller av andre. Og so blir alt overført frå generasjon til generasjon. Noko som DNA, noko som tradisjon. Reinen som eg jakta på her i Nordfjella, oppførde seg som fullblods villrein, ofte var han over fjell og finne før me i det heile hadde sett han. Genetisk var han, som eg alt har skrive, rundt 70 % tamrein. Det tyder på at oppførselen til den gamle villreinstamma held fram i bestanden sjølv om dei gamle villreingena vart i «mindretal». Det var tradisjonane til den gamle sørnorske villreinen som dominerte. Tamreinen som blanda seg inn i flokkane vart ikkje berre integrert, han lærde av villreinen og vart assimilert, for å bruke uttrykk henta frå tobeint migrasjon. Dette er i tråd med erfaringane henta frå tamreindrift; kjem tamrein seg inn i villreinflokkane, blir dei ville.

So ja, tradisjonsbunde åtferd er eit viktig skilje mellom vill og tam rein.

 

Når sky villrein møter moderne friluftsliv, får villreinforvaltninga eit dilemma

Villreinen har lærdom frå den gamle villreinen som kom frå Beringområdet eller frå Sør-Europa for 12 000 år sidan. Den lærdommen seier at tobeinte er farlegaste rovdyret – Flykt! 

Problemet er at tradisjonane ikkje er oppdaterte, dei skriv seg frå gamal tid. Frå ei tid før det moderne mennesket eksisterte, før menneska fann på noko so formålslaust som friluftsliv. Reinen veit ikkje at hundespannet berre er ute på tur og at Tora og Jonas på randoneski berre jaktar på laussnø. Og at skuterfolket som køyrer smalbelta fartsvidunder med eleganse og råskap, er like ufarlege for reinen som eg, når eg på mine gamle fjellski kjem stavrande. Reinen flyktar for alle. Alltid formålslaust, med mindre det er jakt og den tobeinte har rette kortet og er i rette luna.

På Hardangervidda er det søraustre hjørnet fri for tilrettelagd turisme, ingen turisthytte, ingen raude T-ar eller kvista skiløyper. Her klumpar reinen seg saman heile summaren i eit nesten turistfritt refugium. Her lever dei alt for tett, i det som burde vore vinterbeite med rotasjonsbruk. Sjukdom som klauvråte er ingen uventa følgje. 20. august kjem ein hær med jegerar. Etter mitt syn, ei oppskrift på skyheit og dårleg dyrevelferd.

Eigil Reimers skriv i boka «Våre hjortedyr», side 131: 

«Reinens evne til tilpasning, cfr. Tamrein, provoserer frem en beslutning om hvor tamme eller ville vi ønsker at våre villreinbestander skal bli. Ved å bygge ned våre villreinområder med omfattende infrastruktur og turisme vil vi risikere at reinen etter hvert oppfører seg som tamrein med adferd fjernt fra forestillinger om det ville, opprinnelige og uberørte.»

Me kan alle drøyme om jakt på løyndomsfulle grådyr i folketome fjell. Skal draumen oppfyllast, må fri ferdsel i reinsdyrfjellet regulerast i eit omfang få kan akseptere. For heldigvis (eller diverre?) er allemannsretten langt viktigare for nordmenn flest enn framtida til villreinen. Viss me vil ha villrein, blir konsekvensen at den må tilpasse seg moderne friluftsliv tufta på allemannsretten. Når villreinen i Nordfjella Sone 1 skal reetablerast, har me ein gyllen sjanse til å teste ut om det let seg gjera.

 

Kjelder

Viktigaste kjelde er boka Villreinen, redigert av Punsvik og Frøstrup. Særleg mange opplysningar er henta frå kapitel 4 i om genetikk og slektskap, skrive av professor Knut Røed. 

Boka «Våre hjortedyr» av Eigil Reimers har vore brukt, og gjeve nyttige motargument. 

Elles er viktige kjelder nemnde i parentesar.

Pin It on Pinterest

Share This