fbpx
Av Endre Lægreid, Villreinnemnda for Hardangervidda – 

Det var den 3. september 2020 det vart felt ein bukk på Grindetangen på Hardangervidda som viste seg å vera smitta med cwd (cronic wasting disease» , eller skrantesjuke som me kallar det i Norge. Etter hestekuren som vart gjennomført i Nordfjella sone 1 hadde ein etterkvart eit gryande håp om å vera kvitt denne sjukdomen, så fortvilelsen var stor når tilfellet på Vidda vart funne. Alarmen gjekk for fullt! Alvoret vart understreka av at dåverande Landbruksminister, Olaug Bollestad, vart varsla same kveld som testresultatet vart klart, og det vart sendt varslingar både innad i norske myndigheiter og til EU-systemet i Brüssel. 

Kva har så skjedd etter at alarmen gjekk for snart to år sidan? Det har nok vore helde fleire hundre  møter og det har vore arbeidd og drøfta i mange, mange tusen timar. Det har vore sprikande syn og det har vore store hol i kunnskapsgrunnlaget om sjukdomen. Den kunnskapen me har er imidlertid grundig oppsummert i Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) sin rapport 2021:01. Denne vart presentert i januar 2021 og oppsummerer oppdatert kunnskap om cwd og den vurderer moglegheiter og handlingsrom for å handtere sjukdomen. Det er denne rapporten som har vore det viktigaste styringsdokumentet i det arbeidet som har pågått seinare.

Som fylgje av Nordfjella-saka hadde Hardangervidda fått klare føringar frå myndigheitene om hard skyting av bukk både i 2019 og 2020 (Også i 2018 var det stor fridyr-andel, men då med svært låg kvote). Resultatet var at når kvoten for 2021 skulle setjast så var det allereie ein sterkt redusert bukkeandel i bestanden. (Anslått etter strukturteljing til å vera 3-4% (3,5 år og eldre). Jakta 2021 vart svært god og det vart felt 1974 dyr. Oppslutninga om prøvetaking var også god. Og Miljødirektoratet (MDIR) og Mattilsynet (MT) sende ei felles tilråding til sine Departement om at det ikkje burde gjennomførast ekstraordinært (statleg) uttak gjennom vinteren. Dette vart seinare stadfesta av både Klima- og Miljøminister, Espen Barth Eide og Landbruks- og Matminister, Sandra Borch. 

Lokal forvaltning representert ved Villreinnemnda, Villreinutvalet, Fjellstyra, grunneigarorganisasjonane og dei berørte kommunane har klart å stå særdeles samla i den prosessen som har vore. Dette meiner me har vore heilt avgjerande for å nå fram med våre innspel og meiningar. Det har sjølvsagt vore ulike syn også lokalt, men når me har gått ut med våre standpunkt, råd og forventningar så har me klart å stå både støtt og samla. Eit av våre viktigaste ynskje har vore at arbeidet med å få på plass ein bestandplan som skal gjelde for «cwd-perioden» måtte forankrast godt hjå rettigheitshavarar og i lokal forvaltning. Me ynskte vidare at me fekk gjennomført ein såkalla dialogprosess for å prøve å koma fram til ein så omforeint strategi som mogeleg for dei næraste åra. Dette vart imøtekome og det er i skrivande stund (2. mai) helde to av tre slike samlingar. I dialogprosessen deltek eit 20 tals personar som representerer grunneigarsida, villreinutvalet, villreinemnda, tamrein-næringa, Norsk Villreinsenter og mange sentrale forskarar frå ulike  forskningsmiljø, (NINA, Veterinærinstituttet, UiO, NMBU, …)

Villrein på Hardangervidda

Dialogprosessen skal resultere med ei tilråding til MDIR og MT innan sommren 2022. Deretter skal dei to direktorata lage ei innstilling til sine respektive departement (Klima- og Miljødepartementet og Landbruks- og Matdepartementet) som vil konkludere med ein bestandsplan for Hardangervidda, hensynteke at skrantesjuke er påvist,  og med ein tilhøyrande «skrantesjuke-strategi»i.

Lokal forvaltning sine mål er at det er ordinær jakt som skal vera det verktøyet som skal brukast for å nå dei mål som vert sette. Me har vidare sagt at dette føreset ei stamme som kan produsere minimum 1500 kalv pr år og som dermed må haldast over 4500 dyr. I dette ligg det at ein må akseptere at andelen vaksen bukk (3,5 år og eldre) skal haldast ned mot 0-3%, slik det klaraste rådet frå VKM-rapporten fastslår. Det er desse måla som ligg til grunn for vedteken kvote for Hardangervidda for 2022.

I tillegg har me reist spørsmålet om kor mange år utan nye funn det må gå før me får byggje bestanden opp att mot ordinære bestandsmål på struktur, kalvetilvekst og stammestorleik. Me har og fremja at den strategien og tiltak som vert vedtekne må stå ved lag sjølv om ein finn eit eller nokre få nye smittetilfeller. Dersom det mot formodning vert funne fleire smitta dyr og også på simler, så er det ikkje til å unngå at strategien kjem opp til ny vurdering. Me håpar inderleg at dette ikkje vert tilfelle. Status den 1. mai 2022 er at det er testa tilsaman 5547 dyr på Vidda, og framleis er det heldigvis berre det eine tilfellet frå september 2020 som har påvist smitte.

Det vert nok mange og lange møter for å diskutere skrantesjuke i villrein-Norge i åra som kjem, men pr i dag vel me å vera optimistar. Så får me håpe at pågåande forskning og overvaking gjer oss kloke nok til å gjera dei rette vala framover. I denne samanheng oppmodar me på det aller sterkaste om at det i alle villreinområder vert teke prøvar av hjerne og lymfer på alle felte dyr eldre enn kalv. Dette er særdeles viktig for kunnskaps- og beslutningsgrunnlaget for dei næraste åra.

So minner me alle om at ein i tider der det er mykje negativt fokus på villreinen aldri må slutte og glede seg over dei fantastiske opplevingane villreinen gjev oss i form av magiske møter i fjellet, spennande jakter, eller som god mat i godt lag. 

Pin It on Pinterest

Share This