fbpx
Av Trond Thiis, fjellfant og jeger, Odda – 

For oss som jaktar nordaust på Hardangervidda, er det fort å skriva om Vazelina Bilopphøggers sin «11 år utan kvinnfolk» til «40 år utan reinsdyr». Sjølvsagt noko spissformulert, men bodskapen er enkel: Er stamma lita, nyttar ikkje dyra dei nord-austre delane av Hardangervidda.

Dei siste åra har òg SNO fått i oppdrag å jaga dyra vekk frå våre område så fort dei nærmar seg. Og det heilt utan noko form for kompenserande tiltak, som til dømes løyve til å nytta fellingsløyva våre i statsålmenningar der det av og til faktisk finst dyr. 

Frykta er at dyr skal kryssa riksveg 7 og kanskje til og med ta med seg skrantesjuke (CWD), eine eller andre vegen. Med det bakteppet skal SNO, som elles gjer ein viktig og glitrande jobb med å verna om fjellet for oss, skremma vekk dyra allereie når dei er mange kilometer vekke frå riksvegen. SNO-folka som eg har treft på er dyktige og profesjonelle folk som gjer jobben dei er sett til. Men eg får litt vondt av at dei vert sett til å gjeta reinsdyr langs riksveg 7, og er usikker på om det var dette dei såg for seg då dei starta arbeidet for etaten.

Kjem dyra innanfor det raudt innramma feltet på kartet under, skal SNO mobilisera for å snu dyra. Det gjer at mange av valda som ligg langs riksvegen ikkje lenger har eit einaste dyr å jakta på. Naturleg rotasjon over riksveg 7, vest om Dyranut eller Skiftesjøen, med retur ved Lappestein eller Halnetunga, vert effektivt stoppa av ein velfungerande organisasjon som mellom anna nyttar helikopter til å skremma dyra vekk frå vegen. På Hein trøystar me oss med at jaginga ikkje gjer store utslaget, då den krympevaska villreinstamma stort sett held seg i dei sentrale strøka på Hardangervidda. Der finn dei det dei treng, utan å verta uroa av nokon andre enn jegerane som har rettar der. 

Kjem dyra innanfor det raudt innramma feltet på kartet, skal SNO mobilisera for å snu dyra. Det gjer at mange av valda som ligg langs riksvegen ikkje lenger har eit einaste dyr å jakta på.

Kvart einaste år er me likevel og kikkar etter reinsdyr i Halne Sameige. Her har me hytte og terreng me nyttar til rypejakt, fiske og rekreasjon. Etter 20. august heng gjerne rifla på ryggen, men det vert mest fiske og turgåing på oss. Klart me sit ein del i nutane og kikkar etter dyr, har jaktradioen på som underhaldning og kosar oss med sendingane der me kan høyra om dyr i området Sandhaug, Hansbu, Gjuvsjåen og austover. Men fokus flyttar seg fort over til vedlikehald av hytta, fisking, bålbrenning, kaffikos og turar til ulike nutar og område. Det er ei grense for kor lenge ein kan sitja i nutane når ein veit at dyra står ein heilt annan stad på vidda. Hytta har med andre ord fått mykje stell.

Faren for å verta sprunge over av reinsdyr på Hein, er no lik null. Men på 70- og 80-talet såg me dyr her mest kvar sommar og haust. Me såg fleire gonger dyr som kryssa RV.7 ved Lappsteinen, og trakk eine eller andre vegen. Det vart felt rikeleg med dyr i områda og fleire gonger vart det felt fleire dyr av ein jeger, på eitt og same stille. Tunge bører og mange turar att og fram var meir regelen enn unnataket dei åra. Eit år var onkelen min så lei av å bera på reinsdyrkjøt at han ringde far min, som då budde i Egersund, og fekk han til å køyra heile vegen til Lappestein for å bera ut kjøt til eige bruk. Det vert påstått at eine året stod dyra så tett rundt hytta at heile kvota vart skoten frå verandaen så raskt at kaffikoppen ikkje rakk å verta kald. Dei første åra av 80-talet trefte me òg andre jegerar som stod og gjorde opp dyr rundt i valdet eller fann slakterestar her og der.

Stamma på Hardangervidda var tydelegvis så stor den gongen at dyra måtte nytta heile høgfjellsplatået. For det vart sjølvsagt observert og jakta dyr over heile vidda, ikkje berre på nordaust. Tal eg har høyrt, er at det var meir enn 20 000 dyr på vidda. Ein kan forstå påstandane om at dyra var i heller dårleg kondisjon på 70-talet når ein høyrer bestandstala. Rapportar fortel at vidda var kraftig nedbeita på den tida. Det er nok sikkert rett, men det rare er at til og med i 2021, då stamma var berre brøkdelen så stor, vart det òg rapportert om dyr utan feittlag og små kalvar. Og no har me reinlav til knes. Dyra ser ikkje ut til å vera i spesielt mykje betre kondisjon i dag, trass i mykje meir tilgjengeleg beite per klauv enn for 40 år sidan.

Kartutsnittet viser kva område me snakkar om. Hytta er vist omtrent midt på biletet og dei gamle observasjonane og fellingane er illustrert med reinsdyrfigurar.

Eg legg ved nokre utdrag frå hytteboka som illustrerer korleis det var den gongen stamma var monaleg større. Det er bestefar, far og onkelen min som står for ordlegginga.

  • 17. september 1964 – 2000 dyr kom over frå Grønnuten og la seg til i lia mellom bekken og Steinhøgdi (Grensehøgda). Der låg dei heile dagen. Eit mektig syn!
  • 20. september 1965 – vakker soloppgang, reinsdyr på alle kantar rundt hytta. Vestleg vind, 2 plussgrader og stigande til 4 grader. Reinsdyrjakt på Halne Sameige ned mot Hein på grensa. Jegerar som fekk dyr.
  • 16. september 1968 – Morgontåke, klårt utpå dagen, -2 grader C. Reinsdyr ved øvste vatnet på veg søraustover mot Grasnuten og Rjukan.
  • Torsdag 18. september 1969 – I dag skaut Eivind sin første rein (ei simle) som han greidde å transportera åleine frå Austre Krækkjaodden til hytta kor han flådde og hang opp i skjulet.
  • 23. september 1977 – ei veke uti (rype)jakta står reinsdyra tett rundt hytta!
  • 26. august 1978 – Møtte fleire småflokkar 150-200 meter frå Lappestein på veg innover (sørover) til hytta.
  • 27. august 1978 – Fleire dyr 150 meter nordaust om hytta. Jegerar frå Halne Sameige hadde fått fleire dyr.
  • 1. til 3. september 1978 – Dyr rundt i terrenget, Fleire flokkar med rundt 200 i kvar flokk.
  • 4. september 1978 – Masse dyr over heile terrenget, i små og mellomstore flokkar. God jakt nordvest for hytta!
  • 10. september 1978 – 300 dyr mellom hytta og (Øvre) Hein. God jakting og bæring heile dagen.
  • 29. august 1980 – Første dyret falt ved Ørrettjønn, andre ved mors Lone. Vassa i dyr heile dagen.
  • 5. september 1980 – Såg eit skada dyr ut hytteglaset opp mot Steinhøgdi. Sprang ut og etter og fekk lagt det ned og partert etter alle kunstens reglar. Dyret var stygt skada.
  • 6. september 1980 – såg ein liten flokk mellom hytta og riksvegen.
  • 27. august 1982 – Flokk ved Sleipa. Seinare på dagen kom det 3 dyr opp mellom hytta og Hein, nærmare Eirikstjønn.
  • 25-30. august 1983 – Stor flokk på Halnetunga, truleg 1000 dyr som følgde Tunga mot Sleipa der dei vart møtt av ein vegg med bly og drog mot Skaupa. Dei snudde aldri hitover.
  • 9-11. september 1983 – Fleire single dyr og småflokkar. 2 dyr vart med heim til hytta.

Vinterstid hender det enno at det sleng reinsdyr forbi dei nord-austre områda av Hardangervidda. Eg har sjølv funne hardtrakka motorvegar etter reinsdyrflokkar på kryss og tvers, og løypestikker der barken er gnaga av. Og så har eg vore så heldig at eg har fått sjå levande reinsdyr vinterstid. Då held eg meg på god avstand og satsar på at bukken skal sladra til dei andre reinsdyra på vidda om gode beitetilhøve, lite folk og lettgått terreng.

Bestandsmåla på Hardangervidda har vore 10-12 000 dyr, men det ser ut til at forvaltninga fryktar dette talet og vel difor å halda seg langt under, gjerne heilt ned mot 5000-7000 dyr. Eg veit eg har mange erfarne jegerar og gode fjellfolk med meg når eg ber om at forvaltninga i framtida opprettheld denne frykta, men då frå oppsida av bestandsmåla. For med 12 000-15 000 dyr i fjellet, er det mykje som tydar på at arealbruken ville auka på.

Det går ein del litteratur når ein sit i nutane og ventar på dyr.

Eg er overtydd om at uttaket av stamma i Nordfjella var eit stort feilgrep. Er CWD så smittsamt som det vert sagt, skulle stamma på Hardangervidda vore hardt råka. Nei, la naturen gå sin gang og hald utryddingskåte forvaltarar vekke. Sørg òg for at stamma kjem seg på oppsida av 12 000 dyr, så får kanskje borna våre oppleva reinsdyr att på Hein og den nord-austre delen av Hardangervidda.

Skitt jakt!

Pin It on Pinterest

Share This