fbpx
Av Endre Lægreid, Leiar Villreinnemnda for Hardangervidda – 
Grunnlag og kvotevedtak

Ein lang prosess med stort engasjement frå mange partar rundt Vidda resulterte i ein rein bukke-kvote på Hardangervidda i 2019. Det store engasjementet vekte interesse både i riksmedia og hjå stortingspolitikarar. Det er lenge sidan temperaturen rundt eit kvotevedtak på Hardangervidda har vore så høg. Her kjem ei kort oppsummering.

Bakgrunnen for vedtaket var eit spesifikt krav frå Mattilsynet om eit visst tal CWD-prøvar som i fylgje deira modellar ville gje 90 % sikkerheit for smittefriheit på Hardangerevidda, helst etter jakt i 2019, men seinast etter jakta i 2020. Med denne føringa, som dermed overstyrde våre bestandsmål, vart oppgåva for Villreinutvalet å finne eit kvoteforslag som møtte kravet frå Mattilsynet, utan at dette fekk for store konsekvensar i høve våre bestandsmål. Hovudmålet i bestandsplanen for Hardangervidda er ein årleg kalveproduksjon på 2000-2500 kalv (målt ved kalveteljing).

Når bukkeprøvar er 3-4 gonger så verdifulle i CWD-prøve samanheng som simleprøvar, og det er simlene som føder kalvane, så vart det tidleg klart at ein måtte vurdere ei rein bukkejakt. Villreinutvalet gjorde ein grundig utgreiingsjobb med fleire alternativ. Etter høyringsrunde og avklaringar av dispensasjonar frå gjeldande forskifter enda ein opp med ein kvote på 6000 bukkkort (2,5 år og eldre) og jakttid frå 10. august–22. september. Utifrå historiske fellingsprosentar og vurdering av ulike tiltak meinte ein at dette vil gje eit fellingsresultat frå 1000 og opp mot 1800 dyr. 

Vedtaket vart påklaga, men Miljødirektoratet avviste klagen og opprettheldt vedtaket. 

Villreinbukk på Hardangervidda
Storbukk ved Dyrafonne, nordvest på Vidda
Motargumenta

Argumenta i mot ein slik kvote var mange:

  • Kvoten ville føra til redusert bukkandel i stamma
    • Strukturen som var god i stamma ville verta forrykka, storbukkandelen ville gå ned
    • Redusert storbukkandel vil medføra utsett brunst/paring og dermed at kalvar vert fødde seinare neste vår
    • Bukkane har ein viktig funksjon i å grave fram lav når vinterbeita er vanskelege
    • Mest truleg ville storbukk-andelen samanlikna med ungbukk-andelen verta redusert
    • Sjansen for at «skrap-bukkar» ville få para seg med simler ville auke
  • Ein ville skyte ut viktige tradisjonsberarar i form av bukkar som brukar randområda på Vidda
  • Stammestorleiken var allereie langt under bestandsmålet, og krava frå Mattilsynet ville gjera det enno vanskelegare å byggje opp at stamma
  • Jakta ville verta vanskelagare fordi jegarane i jaktsituasjonane ville ha langt færre dyr som var jaktbare i flokkane (samanlikna med om ein hadde fridyr-kort)

Dei aller fleste var einige i desse argumenta, det var berre det at krava frå Mattilsynet «trumfa» alle andre hensyn. I brev frå Mattilsynet 6. juli 2018 kom fyrste varsel om mogeleg statleg styrt vinterjakt. Dei skreiv «Mattilsynet ønsker en dialog med Miljødirektoratet for å forberede et opplegg for supplering av antall dyr slik at de angitte måltallene kan nås». I forkant av kvotevedtaket i 2019 var dialogen betre, men i nytt brev frå Mattilsynet 26. mars 2019 vart det fortsatt «rasla med sabelen» då dei skreiv: «For Hardangervidda villreinområde vil vi akseptere at det ikke oppnås fullt 90 % sikkerhet i år, men da vil kravene til jakta 2020 bli desto større og mer krevende å gjennomføre».

Konklusjonen var at krava frå Mattilsynet overstyrde alle andre hensyn og vart bestemmande for kvotevedtaket.

 

Korleis gjekk det?

Det vart felt 1252 dyr i ordinær jakt. I tillegg vart det registrert 107 fallvilt, hovudsakleg som fylgje av fotråte. Totalt registrerte dyr i avgang i stamma vart 1359 dyr. Av desse var det 1260 vaksne bukkar. 

Oppslutning omkring prøvetakinga var god og me fekk inn prøvar av 93% av alle felte dyr.

Bukkeuttaket gav sjølvsagt ei uheldig endring i strukturen i stamma, – men faktisk noko mindre enn frykta. Nedanfor er tala frå strukturteljinga etter jakta 2019, samanlikna med strukturen frå teljinga i 2017 (strukturteljinga i 2018 vart i realiteten spolert av svært dårleg ver i den aktuelle teljeperioden). Storbukkandelen har gått ned frå 22 til 13 %, medan andelen 2,5 åringar har auka frå 5 til 9 %.

 

Struktur etter jakt: 2017 2019
Bukk 3,5 år + 22 % 13 %
Bukk 2,5 år 5 % 9 %
Bukk 1,5 år 6 % 6 %
Simle  47 % 56 %
Kalv 20 % 16 %

 

 

Frå bukkejakta i 2019.
Oppsummering

Villreinstamma på Hardangervidda har mange og vedvarande utfordringar, alt frå forstyrrelsar og fragmentering til parasittar og fotråte. CWD har me heldigvis ikkje påvist, men krava frå Mattilsynet for å dokumentere smittefriheit for denne sjukdomen påverkar villreinstamma likevel. Historien vil kanskje vise at kombinasjonen av færre bukkar og ein vanskeleg vinter med nedising av beita, samt eit uheldig samantreff med det store utbrotet av fotråte i sum har sett stamma vår noko tilbake. Men isolert sett er det vanskeleg å seie at eit år meg rein bukkejakt fekk store konsekvensar for stamma. Det er likevel stor semje om at vedvarande forvaltning med så skeiv struktur i stamma ikkje er gunstig. Me må håpe at me snart kan koma tilbake til ein kvardag der me får forvalte etter vedtekne bestandsmål.

 

Grunnlag for 2020-kvoten 

På grunn av god oppslutning om prøvetaking blant jegrane oppnådde ein å koma opp i omlag 86 % sikkerheit for smittefriheit på Vidda etter 2019-jakta. Den 7. februar i år kom nytt brev frå Mattilsynet, med føringar for årets jakt. Der gjer dei det klart at målet om 90 % sikkerheit for smittefriheit etter jakta 2020 framleis gjeld for Hardangervidda. Villreinutvalet hadde dermed ikkje mykje anna val enn å leggje dette til grunn for sitt kvoteframlegg.

Kalvetilvekst og fellingsresultat i 2019 skulle tilseie at me skulle ha om lag same utgangspunkt for kvotefastsetjing i år som i fjor, dog med ein endra struktur i stamma. Men det store fotråte-utbrotet i 2019 har skapt større usikkerheit. Kanskje har så mange som 1000 dyr, i hovudsak kalv, stroke med av fotråte sidan i fjor sommar. Dette var med og komplisere kvotefastsetjinga for 2020. I tillegg førde korona-reglar til at det vart umogeleg og gjennomføre planlagd minimumsteljing i mars. 

Villreinutvalet har gjort nye, grundige vurderingar på ettervinteren i år og gjennomført høyring med rettigheitshavarane. Basert på føringane frå Mattilsynet fremja Utvalet ein kvote på 5000 dyr, der 2500 er fridyr-kort og 2500 er reine bukkekort (2,5 år og eldre). Villreinnemnda vedtok denne kvoten den 28. april, men med fylgjande tillegg: «Dersom det etter komande haust framleis ikkje er påvist CWD på Hardangervidda skal Villreinnemnda invitera Villreinutvalet til eit samarbeid med mål om at ein frå og med 2021 skal leggje gjeldande bestandsplan til grunn for forvaltinga av reinen på Hardangervidda.»

Historien vil visa om det vert nødvendig med ny «løypemelding» i neste års utgåve av Villreinen.

God jakt!

Pin It on Pinterest

Share This