fbpx
Av Kjell Bitustøyl, frilansjournalist – 

Eit nytt og omfattande forskingsprosjekt om «forvaltning, forhandling og samskaping for rettferdig og berekraftig arealbruk i reinens landskap» såg dagens ljos våren 2021. Fire aktørar er involvert: Norsk institutt for vannforskning (NIVA), Nordlandsforskning (NF) i Bodø, International Centre for Reindeer Husbandry  (ICR) i Kautokeino og Norsk villreinsenter Sør (NVS) på Skinnarbu. Dei to hovudfokus-områda er Hardangervidda og Finnmarksvidda. Så langt har ein hatt to fysiske møte, eitt på NVS på Skinnarbu og eitt hjå ICR i Kautokeino. Prosjektet er finansiert av -Norges forskningsråds MILJØFORSK-program.

Dette er eit litt uvanleg samarbeidsprosjekt i den forstand at ein har valt ut eitt forvaltningsområde der det er villrein, og eitt der det er tamrein, altså Hardangervidda og Finnmarksvidda. Éin av aktørane opererer innafor det ein kan kalle tamreinområda her i landet: Internasjonalt reindriftssenter (ICR) i Kautokeino, medan Norsk villreinsenter Sør representerer villreinområda. NIVA og NF arbeider både med villrein og tamrein. NIVA har rolla som leiar og koordinator i prosjektet. Prosjektleiar er Kathrine Ivsett Johnsen (NIVA). Dei andre som er involvert i prosjektet er, frå ICR: Inger Anita Smuk (styreleiar), Anders Oskal (direktør), Inger Marie Gaup Eira, og Svein Disch Mathisen, frå NIVA: Frode Sandnes, frå NF: Camilla Risvoll, Aase Kristine Lundberg og Susanne Normann, og frå NVS: Peter Køller (leiar NVS sør) og Kjell Bitustøyl.

Reineigar Isak Henrik Eira viste oss kva som er bakgrunnen for den pågåande beitekrisa i Finnmark, under eit tilsynelatande fint lag med sukkersnø, ligg der is og islag som hindrar reinen å koma ned til beitet – ikkje ulikt det som kan skje med beitet til villreinen.

Kva tyder Rášša?

Prosjektet har fått namnet Rášša, som er eit nordsamisk omgrep for eit høgtliggjande beiteområde med spreidd vegetasjon. For reinsdyra er slike område viktige i periodar når det er varmt, det er gjerne eit karrig område med mykje stein, men viktig innafor den samiske reindrifta som «luftingsområde». Slike område er sjølvsagt like viktige for villreinen. Innafor offentleg forvaltning og konsekvensutgreiing blir desse områda ofte kategorisert som unyttige for reinen, men nyttige for utbygging av t.d. vindturbinar og utbygging av gruvedrift. Slik vil tydinga av ordet vera avhengige av kven som brukar det, altså relevant med tanke på problemstillinga i dette prosjektet der ulike kunnskapssystem og ulike diskursar skal under lupa. 

To administrative sfærar

I forskingsprosjektet skal ein undersøkje forvaltninga av areal der det i dag er konfliktar mellom verne- og bruksinteresser. Det som er felles for dei to utvalde områda, er at det er leveområde for reinsdyret (vill og tam rein) med flytteleier, kalvings- og brunstområde. Men forvaltninga av dei to «reinsdyrlandskapa» er forskjellig, ein har ulike politiske mål og ulike leverandørar av kunnskap. Ein snakkar gjerne om «to administrative sfærar» som blir styrt av ulike sektorar og blir påverka av ulike språklege framstillingar (diskursar).

Lokale rettshavarar blir ikkje høyrt

God forvaltning er avgjerande for å ta vare på Europas villreinbestand, samisk reindrift og biologisk mangfald generelt. Samtidig ser ein at landskapa er utsett for aukande press frå ulike arealbruksinteresser, samtidig som klimaendringane også er ein faktor. På den andre sida opplever lokale rettshavarar som grunneigarar og reineigarar at deira behov, kunnskap og perspektiv, ofte blir oversett i arealforvaltninga.

Skinnarbu august 2021: Peter Køller frå NVS tok deltakarane med på ein tur ut i terrenget, slik at ein fekk sjå litt innover Hardangervidda. F.v. Anders Oskal (ICR), Peter Køller, Svein D. Mathiesen (ICR), Inger Anita Smuk (ICR), Kathrine Ivsett Johnsen (NIVA), Frode Sundnes (NIVA) og Camilla Risvoll (NF).

Etablere ein møteplass

Ideen er at ein gjennom deltakande metodar og tett samarbeid med grunneigarar og reineigarar, skal samanlikne temaet arealforvaltning innafor villrein- og tamreinområde, korleis reinsdyrlandskapa blir forvalta i samspelet mellom rettshavarar, arealbruksinteresser og dei som gjer vedtaka. Prosjektet vil slik undersøkje kva for verdiar og kunnskapssystem som avspeglar seg i arealplanlegginga og i dei vedtaka som blir gjort.  Å skape møteplassar står sentralt, der aktørar frå «ville» og «tamme» reinsdyrlandskap kan utveksle erfaringar og drøfte felles utfordringar. Prosjektet har som mål å få til ei meir inkluderande, rettferdig og meir heilskapleg forvaltning av både villrein og tamrein, og slik bidra til å minske arealbrukskonfliktane i det ein kallar eit framtidig «lågutsleppssamfunn». 

To fysiske møte så langt

Rášša-prosjektet, som i utgangspunktet har eit fireårig perspektiv, har så langt avvikla to fysiske møte, der aktørane fyrst og fremst blei betre kjent med kvarandre, samtidig som ein har gjennomført den fyrste «workshopen», dvs. eit møte mellom forskarar og reindriftsutøvarar.

Skinnarbu

Etter fleire digitale møte samla ein prosjektgruppa til eit felles fysisk møte på Norsk Villreinsenter Skinnarbu i august 2021. Frå nord kom tre frå ICR og ei frå Nordlandsforskning, samt at to frå NIVA og to frå NVS deltok. Dette fyrste møtet handla naturleg nok om at dei som representerte Nord-Noreg fekk informasjon om villrein og villreinproblematikk på Hardangervidda, deriblant og litt om Hardangerviddas tamreinhistorie. Vidare starta ein opp arbeidet med å etablere to tidssliner, éi for villrein og éi for tamrein. Dette blei gjort for å skaffe seg ei oversikt over utviklinga av forvaltninga innafor villrein og tamrein. Og spørsmål som blir stilt er: Har desse påverka kvarandre? Er der endringar som har påverka båe to? Stutt sagt: Korleis har me kome dit me er i dag? Døme på slike viktige endringar kan vera: Oppretting av Felleslappeloven for Finnmark (1888), innføring av jaktlov som gjorde det ulovleg å drive med dyregraver (1899), freding av villreinen over heile landet (1902-1906),  Norske Reindriftsamers Landsforbund oppretta (1948) osv.

Anders Oskal direktør i ICR, supplerte reineigar Isak Henrik Eira med viktig kunnskap om utfordringane for reindrifta på Finnmarksvidda, her med Frode Sundnes (NIVA) og Camilla Risvoll (NF). 
International Center for Reindeer Husbandary held til i sentrum av Kautokeino. Det var her møteverksemda gjekk føre seg. På veg inn f.v. Peter Køller (NVS), Camilla Risvoll (NF) og Frode Sundnes (NIVA).

Denne tidslina er enno i støypeskeia, men argumentet for å opprette ei slik tidsline er at ein må sjå attende for å forstå dagens situasjon. Så handlar det òg om i dette prosjektet ikkje minst – og det er vel her pionerordet kjem til sin fulle rett – å lære om kvarandre si historie. Fyrste møtet gav god grunn til optimisme når det gjeld nettopp dette, men samtidig såg ein òg kor omfattande temaet er.

Kautokeino

Ein delegasjon på seks stykke frå institusjonane lenger sør drog til Kautokeino i mars, vel vitande om beitekrisa for reindrifta i nord på grunn av nedising. At staten den 18. mars løyvde 13,5 mill. kr. til ekstratiltak for reindriftsnæringa seier sitt om denne situasjonen.

Det var stor entusiasme og interesse for å lære av kvarandre, og no var det «søringane» sin tur til å lytte mest. I skrivande stund er dette møtet enno så ferskt at det viktigaste ein kan formidle er: Me som er involverte og ikkje kjenner problematikken rundt utfordringane i nord, fekk ei større forståing for kva eigentleg Rášša skal og bør handle om. Kombinasjonen kunnskap og opplevingar fester seg og gjer slikt prosjektarbeid meiningsfullt, ein føler at ein er med på noko som er viktig. Konkret handla dette blant anna om at dei lokale arrangørane i ICR hadde lagt opp til ein snøskutertur inn til teltgamma og reinflokken til reineigar Isak Henrik Eira. Han gav oss interessant tradisjonskunnskap ikkje minst om rein og snøforhold.

Tamrein på Finnmarksvidda.

«Workshop» med fem reineigarar

Denne turen gjorde òg at bakteppet var det beste for dialogmøtet med fem reineigarar dagen etter. Mykje kan seiast om dette møtet, det var god stemning, god dialog og særs lærerikt. Eit godt døme på korleis ein kan få forståing og kunnskap om kvarandre sin situasjon og krevjande utfordringar ved å sitje rundt same bord. 

Gruppemøte på ICR, f.v. prosjektleiar Kathrine Ivsett Johnsen (NIVA), Svein Disch Mathiesen og Peter Køller (NVS).

Så gjekk det nok opp for fleire at skilnaden på reindriftsutøvarar på Finnmarksvidda og grunneigarar/rettshavarar på Hardangervidda, som er dei eigentlege hovudpersonane i Rášša, kanskje ikkje er så stor. Kanskje kjenner dei skoen trykke på nokon av dei same plassane i møte med offentleg forvaltning. Frå Norsk Villreinsenter blei det uttrykt tydleg interesse for at ein med dagens problematiske situasjon for villreinen på Hardangervidda, kan ha god nytte av tettare kontakt med den samiske reindrifta, ikkje minst gjennom dei direkte møta med reindriftsutøvarane. Og sett frå andre sida, fleire av reindriftsutøvarane gav tydleg uttrykk for at dei gjerne vil koma sørover og møte både grunneigarar og andre med tilknyting til forvaltning av villreinen på Hardangervidda.

Oppsummert kan ein slå fast at Rášša-prosjektet har fått ein lovande start dette fyrste av fire år.  Og naturleg nok blei utfordringane mest fokusert på Finnmarksvidda denne gongen. Stikkord som var mykje framme – eller kjerneorda i prosjektet – er: tillit eller mangel på tillit, forholdet mellom akademisk forskingskunnskap og tradisjonell kunnskap. Slik knyter det seg stor spenning til det vidare arbeidet. Som deltakar i prosjektet kan underskrivne berre slå fast at om mykje er forskjellig, så er dette absolutt verdt eit forsøk, ikkje minst med tanke på at kvalitetsnorma for villreinområda med mange nedslåande resultat, ropar om tiltak og nytenking.

Fostringsflokk i juni på Hardangervidda.

Pin It on Pinterest

Share This