fbpx

Kalving på Hardangervidda

aug 2, 2021Aktuelt, Villreinen 2021

 – Av Kjell Bitustøyl, skribent og fotograf –
Villrein og verdiar er eit tema som ofte fører til debatt og usemje, kven skal villreinen vera til for – jegerar, forskarar eller oss andre som berre observerer? I denne artikkelen vil eg formidle litt frå ein observatør. Utgangspunktet er mi eiga hytte i fjellområdet Falkeriset i Rauland, ei hytte som så vidt ligg innafor det som er definert som villreinområdet på Hardangervidda. Det er særleg i samband med kalvinga om våren at dette området har hatt besøk av villrein dei seinare åra.
Kalvingsområda på Hardangervidda er godt kartlagt over tid og er vist fram i ulike samanhengar på ulike kartmodellar. Underteikna har observert kalvinga sidan 2009, då reinen i stort omfang for fyrst gong på lang tid kalva heilt ned i bjørkeskogen ikkje langt frå Kråmvik–vegen i Rauland. Å kunne sitje og sjå innover fjellheimen og stundom observere villreinen frå godstolen i hytta, er eit privilegium for dei få. Men dette har skjedd år om anna sidan 2009. Hytta mi ligg i Falkeriset, dette kjende fjellpartiet mot Møsvatn. Besteforeldra mine hadde ein eigedom her, difor er eg av dei heldige som arva ei hyttetomt der.

 

Ikkje rein i juni månad

Eg er av ei slekt med mange jegerar, men sjølv har eg landa på jakt med kamera i staden for børse. Spenninga og opplevinga er likevel langt på veg den same. Å ha ei hytte som ligg innafor grensa til det etablerte villreinområdet, har gjeve meg unike moglegheiter til å fylgje med og observere reinen som periodevis vandrar ut og inn av dette området. Før 2009 var det òg rein i området av og til, men då var det for det meste bukkar som kom på vårbeite, ein periode var dei ofte på groen på fellesstølen Englandsmo tett inn til bilvegen til Kråmviki. Og den gong som no, trekte reindyra innover fjellet att før det blei nemneverdig trafikk i heiane. Dette ser eg ikkje minst av notatane i hytteboka, det er svært sjeldan rein er observert i området etter 1. juni.

Villreinflokk ved Falkenòbba – Falkenuten
Villreinflokk ved Falkenòbba – Falkenuten – 17. mai 2009. Dette er ein topp som blir besøkt av tusenvis av folk seinare på sommaren.
Slik har det etter mi erfaring vore relativt få tilfelle der folk har skremt reinen. Ofte er dette litt ut i mai, og då er det dei færraste som bryr seg med å vandre innover, mest på grunn av at det kan vera vanskeleg framkommeleg, dårleg skiføre, store bekkar, eller mykje fennar å forsere om du tek deg fram til fots. Altså naturens eigen forsvarsmekanisme som regulerer trafikken av folk inn i fjellet.

Kvifor byter reinen kalvingsområde?

Kva som har ført reinen så langt sør og aust i høve til kalvinga, er sjølvsagt tusenkroners-spørsmålet mange har stilt seg, utan at noko god forklaring har kome for dagen. Mange kjenner til villreinforskar Terje Skogland og forskinga han dreiv med i mange vårar i samband med kalvinga på Vestvidda. Dette var eit pionerarbeid frå ein forskar som over tid oppnådde stor respekt både for kunnskapen han skaffa fram og for måten han opptredde på. Så stor respekt fekk han at mange hytter eller steinbuer på Vestvidda stod opne for han om han ville nytte dei i samband med forskinga si. Skogland døydde seinhaustes i 1994, men til og med siste våren var han inne i kalvingsområdet, sjølv om han var sterkt svekka av kreftsjukdomen. Han fekk med det ikkje oppleve at reinen relativt stutt tid etterpå flytta kalvingsområdet radikalt i søraustleg retning.

Simle med nyfødd kalv i Godokkeggi
Simle med nyfødd kalv i Godokkeggi mai 2010.
Underteikna er ingen reinforskar, men ein observatør som både har fylgt med på det som har kome av kunnskap i skriftleg form, men òg gjennom brei kontakt med miljøet og ved eigne observasjonar. Kort fortalt ser det ut som om villreinen gradvis har flytt seg austover i samband med kalvinga, mange vil ha det til at fleire svært snørike vintrar med ekstreme snømengder i kalvingsområda rundt Veigdalen og Hårteigen på vestvidda, førte til at reinsimlene såg seg om etter andre meir egna kalvingsplassar. Middalen i Røldal var ein av desse, seinare ser det ut som om dyra har trekt seg meir og meir mot aust, mot Telemark, der dei sidan 2000-talet og kanskje med ekstremår i 2009 og 2015 har hamna heilt mot yttergrensene i sør-aust. Dagens fremste villreinforskar og leiar for GPS-prosjektet på Vidda gjennom 20 år, Olav Strand, har god oversikt over korleis kalvinga har variert geografisk gjennom desse åra.

 

17. mai 2009

17. mai 2009 er eit tidsskilje for meg i høve til kalving og villrein. Då var eg oppe i heiane i eit anna ærend og fekk til mi store overrasking sjå at store delar av Falkeriset og Eggeflott var «befolka» med simler og kalvar, nyfødde mange. Bukkeflokkar var her òg, og det var dei som var lengst ute. Som observatør og fotograf har eg over tid lært meg å vera yttarst forsiktig for ikkje å skremme dyra, dette gjeld sjølvsagt aller mest i kalvingstida. Difor har eg òg inniblant med stor varsemd vore innover i området for å fylgje med. Eg har meint og meiner framleis at det er viktig at nokon bør fylgje litt med på kva som skjer omkring dette eitt av naturens vakraste under, dagane då dei skjøre små reinskalvane stavrar seg på beina kanskje berre ein time etter sjølve fødselen.

Skremt av helikopter

To gonger har eg på relativt nært hald, sett reinsimler med nyfødde kalvar blitt skremt av overflygande helikopter. Eine gongen, litt nærmare Songa, kom eit helikopter rett over flokken, truleg i lovleg høgde, men likevel med det resultat at området blei tømt for dyr på ein blunk, berre nokre simler med heilt nyfødde kalvar blei att, og med det var dei svært sårbare for angrep frå ørn. Denne gongen fekk dette eit etterspel i form av at helikopterselskapet blei identifisert og kontakta, kanskje fekk dei ein nyttig lærdom i høve til å ta ein telefon for å unngå at ein på denne måten skremmer reinsdyra i den mest sårbare perioden. Min observasjon også frå to andre tilfelle, det eine med fly, er at reinsimlene er uhyre vare for den slags motorstøy i kalvingstida. Andre eg kjenner har gjort liknande observasjonar.

simler og kalvar i Laksabotn
Rein avslapping, simler og kalvar i Laksabotn midten av juni 2013.

Lære av feil 

Skal du bli ein god villreinjeger må du sjølvsagt vera god til å skyte og likeins vera god til å snike deg inn på dyra eller på andre måtar koma på skothald. Mykje av denne kunnskapen kan du ikkje lesa deg til, du må ut i terrenget og erfare, gjerne saman med røynde jegerar. Og det kan skje og har sjølvsagt skjedd, at ein uerfaren jeger skamskyt. Men neste gong du har eit dyr på kornet, vil du vera litt meir erfaren, og stegvis bli ein sikrare og betre jeger. Slik er det òg med ein fotograf, meiner eg. Ei vellykka fotojakt ser slik ut: Greier du å koma deg på «skothald» utan å forstyrre dyret eller dyra, og trekke deg varsamt tilbake utan at dei merkar deg, er det ei vellykka fotojakt. Men før du blir god i dette må du kanskje ha gjort nokon feil, blant anna i høve til kor lite vind som skal til før dyra, og særleg simlene om våren, får vêret av deg og blir skremt. Dette har eg sjølv erfart, og berre ved å prøve seg i felt blir ein både ein betre jeger og ein betre fotograf. Og slik kan du bli ein dyktig naturven som på den mest skånsame måten observerer naturen omkring deg.

Kalvinga meir mot vest att?

Reinsdyra på Vidda har hatt kalvingsområda sine over tid i Telemark no, i Vinje kommune sin del av Vidda. Eitt år, 2015, var dei heilt nedi liene i Arabygdi og kalva, då var det ekstremt sein vår og dårleg beite lenger inne. Folk i dette området har fortalt at for lenge sidan, kanskje tilbake til 1950-talet, var det òg kalving i dette fjellpartiet. I den samanheng kan det sjølvsagt tenkast at reinen har større syklusar i høve til å utnytte beita på Vidda. Men dette er og blir spekulasjonar. Ein faktor som ligg nært i dagen, er sjølvsagt at reinen vel seg kalvingsområde etter mattilhøve, men òg i høve til ro og fred, lite trafikk. Slik sett har kalvingsområda i Vinje vore gunstige. 

Same året, 2015, observerte eg litt uti juni ei einsleg simle med kalv langt utanfor kalvingsområdet, nærare bestemt ved Bjortjønn, fleire kilometer utanfor grensa for villreinområdet. Dette har nok skjedd før, men der finst svært få observasjonar av slikt i nyare tid så langt eg kjenner til.

Eitt år var spesielt, då observerte eg store simleflokkar i området Eggeflott-Vesle Bitdalsvatn i april. Fjorten dagar etterpå, nærare 1. mai, var området så godt som tømt for dyr. Eit kraftig snøfall hadde kome, og berre fjorten dagar før kalvinga skulle finne stad, drog simlene mot nord. Og kalvinga skjedde meir mot Argehovd – Mogen-Kvennadalføret. Men neste år var dei på plass att, sjølv om det har variert ein heil del. Og så seint som i april i 2019 observerte eg ein flokk på mange hundre dyr i slutten av april frå godstolen i hytta mi. Så langt ute som i 2009 med kalving i så stort omfang har det likevel ikkje vore i ettertid så vidt eg har observert. 

Det store spennningsmomentet er sjølvsagt når dyra skal kalve i eit anna området att, til dømes Vestvidda. GPS-posisjonar har vist at noko kan vera på gang. Men førebels har dyra nok ein gong enda opp innafor Telemarks grenser, sjølv om dei våren 2020 var godt spreidd og kan hende lenger inne på Vidda enn på lenge. Kanskje det blir lenge til eg kan sitje i godstolen og sjå reinsflokkane om våren att?

Simle og kalv ved Bjortjønn
Simle og kalv ved Bjortjønn langt utanfor villreinområdet i juni 2015.

Verdien av opplevingar

Mange vil hevde, og med rette, at ein bør halde seg mest mogleg vekk frå fjellet i kalvingstida. Reinen på Hardangervidda treng all ro han kan få. Eg vil likevel, med utgangspunkt i det eg observerer frå Falkeriset, fylgje med på kva som skjer, og med stor varsemd, kanskje våge meg eit stykke innover for på trygg avstand studere dette vårens vakraste eventyr. Verdien av opplev–ingane av reinsdyret året gjennom trur eg både jegerar, observatørar og fotografar delar. Det er ikkje berre det du har med deg heim i sekken, eller det du har fått inn på filmen (eller brikka no til dags) som betyr noko. Opplevingane tett på naturen blir verande der lenge og er nok vel så stor motivasjon for å koma seg ut som sjølve haustinga. Slik har det truleg vore uminnelege tider, trur eg, sjølv i tider der det har vore smått med mat, og jakt har vore tvingande nødvendig. Møte med sterke opplevingar ute i naturen gjer deg audmjuk og fyller deg med respekt for det skjøre og fascinerande livet der ute. 

 

Einsleg simle med kalv

Eg vil dele ei fersk oppleving der eg ikkje fekk teke bilete, men fekk eit desto sterkare bilete på netthinna: Våren 2020 låg eg ute på ein spelplass for dobbeltbekkasin inn mot Vidda og sat i solskinet i tidleg morgontimar og sveipa over områda med kikkerten, noko som ein gjer svært ofte. Langt borte, på ei myr som halla nedover mot lågare lende, kjem ei einsleg simle med ein liten kalv, kanskje dei einaste reinsdyra i området, for ingen andre reinsdyr var å sjå. Komen ut på den store myra stoppar simla og verar og snur brått og fer ned att i bjørkeskogen, ho forsvann for mitt auga. Eg var altfor langt unna til at ho såg eller fekk vêret av meg. Det må ha vore noko anna – og rett nok, få minuttar etterpå kjem ei ørn flygande lågt over terrenget ikkje veldig langt frå der simla forsvann. Korleis det gjekk veit eg ikkje. Ein liten halvtime etterpå kjem i tillegg to songsvaner og landar på eit stille tjønn, også det eit stykke unna, eit vakkert syn ein sjeldan ser i denne delen av landet. Eg rusla heimover vel nøgd med å ha opplevd dette, det var ikkje så viktig at eg hadde foto av det som hende. Morgonstunda, det vesle innsynet i ei villmark ein blir audmjuk av å tenkje på, var meir enn nok. Og biletet har festa seg i minnet for ettertid.

Pin It on Pinterest

Share This