fbpx
Tre storbukkar av snøhettastammen har mistanke til fotografen, men held fram med å beite. (Foto frå boka «Kampen om Dovrefjell»: Svein Sæter) 
Av Svein Sæter og Yngvild Sæter, forfattarar av boka «Kampen om Dovrefjell. Europas siste intakte høgfjellsøkosystem»

På vegen med boka «Kampen om Dovrefjell» møter vi over alt eit sterkt engasjement for villreinen. Denne folkelege krafta må få eit samla uttrykk, no når tiltaksplanar og stortingsmelding skal utformast. Tida er inne for ein folkeaksjon for villreinen.

Vi er far og dotter. Begge har ferdast i Sunndalsfjella sia vi var små. Her, i kanten av Reinsvatnet, under Reinstinden, er det funne ein jaktleir frå eldre steinalder. Analysen av kolrestar frå bålplassen viste at leiren er rundt
11 000 år gammal.

Dette var grunnlaget for idéen om å skrive boka: Den svimlande historia om villreinen og mennesket, ei historie som har følgt dette landet frå første fotavtrykk vart sett på ei isfri strand.

Reinen fascinerer og imponerer, både i historisk og biologisk forstand. Dette store pattedyret som lever av smårusk på høgfjellet midtvinters er eit underverk av tilpassing.

Så vi skreiv boka, som handlar om reinen, om økosystemet den lever i og kva som truar desse unike naturverdiane. Truslane er fleire og større enn vi hadde trudd, og alle er menneskeskapte. Men få av dei blir det gjort noko med, sjølv når tiltaka er enkle.

Fleire skrekkeksempel finst på Dovrefjell og i Rondane. Her lever siste rest av Europas opprinnelege fjellrein. I boka går vi særleg grundig inn på Snøheimsaka, og dokumenterer korleis Miljøverndepartementets saksbehandling kan oppsummerast i eitt ord: Skandale.

Kortversjon: I 2002 vart gamle Dovrefjell nasjonalpark seksdobla i areal, og fekk namnet Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark. Omsynet til villreinen var heilt sentralt for utvidinga. Derfor skulle den tidlegare DNT-hytta Snøheim rivast og vegen inn dit fjernast. Snøheim, som ikkje hadde vore i bruk som turisthytte på 44 år, låg midt i eit av Europas viktigaste trekk- og beiteområde for villrein.

Spol ti år fram, og det motsette har skjedd. Nye Snøheim opnar, sterkt utbygd og restaurert. DNT Oslo og Omegn har fått hytta i gåve av Forsvaret. Dei rekordmange turistane blir no frakta til hyttedøra med buss, på ein veg som slett ikkje er fjerna.

Av Svein Sæter og Yngvild Sæter, forfattarar av boka «Kampen om Dovrefjell. Europas siste intakte høgfjellsøkosystem»
FORFATTARANE: Svein og Yngvild Sæter, far og dotter, er erfarne forfattarar. Her frå fjorårets reinsjakt i Dovrefjell-Sunndalsfjella, med både rein og aure i sekken. (Foto frå boka «Kampen om villreinen»: Wilhelm Jaresand)

Kva skjedde? Politikk overstyrte fag. Verneforskrifta vart endra for å opne for Nye Snøheim. At det samtidig stengte for snøhettareinen var underordna.

I «Kampen om Dovrefjell» dokumenterer vi at Miljøverndepartementet gjennom mange år leverte ei gjennomført partisk saksbehandling. Den vrimla av faktiske feil, og alle gjekk i same retning: til fordel for DNT og Nye Snøheim.

Konklusjonen var lagt på førehand. Slikt er faktisk ein trussel mot demokratiet. Og villreinen måtte vike igjen, trass i alle fagre og verdilause ord.

Dette har vi reist rundt og sagt i mange bygder, på store og små tettstader, i byar som Trondheim, Oslo, Molde og Kristiansund, på bibliotek og kaféar og kulturhus, og vi har aldri vorte motsagt.

Tvert imot: vi har fått takk, og oppmoding om å grava vidare.

Så skreiv vi kronikken «Statens svik mot villreinen», publisert i riksaviser, regionaviser og lokalaviser. Det same skjedde. Berre støtte å få.

Vi trur støtta botnar i ein brutal kontrast: Den djupe respekten villreinen fortener, og den totale mangelen på respekt samfunnet vårt behandlar han med. Hyttegrender, vegar, kraftanlegg, høgspentliner, turstiar, jernbanar og andre framandelement er viktigare enn fjellets eigentlege grunneigar, villreinen. Derfor blir dei 24 båsane i Sør-Norge vi har pressa han inn i stadig trongare. Og stadig fleire, etter som båsane blir delt av nye inngrep.

Men det finst ei kraft i det folkelege engasjementet. Ei kraft vi opplevde på Otta, under det første årsmøtet til organisasjonen Bevar villreinen i Rondane, som kjapt fekk meir enn 2000 følgjarar på Facebook. Ei kraft som løfta oss på Sunndalsøra, under villreinkvelden til Bevar Dovrefjell mellom istidene, organisasjonen som gjekk til rettssak mot Miljødepartementet i Snøheimsaka og tapte hårfint. 

Ei kraft som vart fint formulert av ei kvinne i salen på Oppdal: Alle kjenner fjellvettreglane. No treng vi reinsvettreglar.

Den 21. februar 2023 utførte den mangeårige villreinforskaren Per Jordhøy ei historisk handling. Han utnemnte villreinen til Norges nasjonaldyr.

Dette skjedde på Bevar Dovrefjell sin villreinkonferanse i Oslo. Både Per på podiet og publikum i salen kjente klumpen i halsen, for dette handla ikkje berre om symbolikk. Det handlar om beinharde realitetar: Villreinen er på raudlista, for første gong. Seks av dei ti nasjonale villreinområda får raudt lys etter kvalitetsnorma.

Tida er inne for handling. Og det blir handla, både fagleg og politisk. Statsforvaltarane skal laga tiltaksplanar. Regjeringa har bestilt den første stortingsmeldinga om villreinpolitikk.

Dette arbeidet treng innspel og oppbakking frå alle som er glad i villreinen. Engasjementet og kunnskapen må gjerast synleg og dermed teljande.

Organisasjonar som Bevar villreinen i Rondane og Bevar Dovrefjell mellom istidene er viktige pådrivarar for rette vegval. Denne krafta kunne vore enda sterkare om ho var samla under same paraply, litt på same måte som Villreinrådet fungerer for villreinnemndene og -utvala.

Boka vår kunne hatt tittelen «Kampen om villreinfjellet». Problema er i stor grad dei same i alle villreinområda. Derfor var det viktig at styremedlemmer i Bevar villreinen i Rondane deltok på konferansen til Bevar Dovrefjell mellom istidene.

Det er lett å knyte kontaktar når mange brenn for same sak. Kven vil ta initiativet til Folkeaksjonen for villreinen?

Pin It on Pinterest

Share This