fbpx

Villreinens heim – og ein umisteleg del av intakt fjellnatur

jul 16, 2024Aktuelt, Villreinen 2024

Av Per Jordhøy – 
Slådalsområdet og Reinheimen nasjonalpark byr på ei reise gjennom eit av Norges mest urørte fjellandskap, der tradisjon møter urørt natur. Mellom Lesja/Dovre og Vågå openberrar det seg eit historisk og frodig landskap med kulturspor i særklasse. Her har både reinsdyr og bufe funne livsviktige beite gjennom århundrar, og området har tent som eit viktig  knutepunkt mellom bygdene i Ottadalen og  Lesja/Dovre og Romsdal. Norge sin natur- og kulturarv blir verkeleg klargjort her, og understrekar viktigheita av å bevare desse områda for framtidige generasjonar.

Det er retteleg historisk sus over fjellterrenget mellom Lesja/Dovre og Vågå. Forutan gode vinterbeite for rein har desse frodige fjella og vore viktig beiteland for bufe, og mykje brukt ferdslesamband mellom bygdene sør i Ottadalen og Romsdalsbygdene. Slådalen er ikkje noko markert dalføre, slik namnet skulle tilseie, i alle fall ikkje på Lesjasida. På Vågåsida derimot, dannar Skjerva eit dalsøkk mot nordvest, til den dreiar meir vestover inn i sjølve Skjervedalen. Kjente høer i området er Raubergshøe, Ståkåhøe og Skardshøin aust for Slådalsvegen, som dannar grense mot Dovre. Vest for vegen ruver Grønhøa, som ber namnet sitt med rette. For heile Slådalsområdet har rik berggrunn og såleis frodig vegetasjon og planteliv. Augkjent er også Skulnebben lengre vest, som dannar austenden på det langstrekte Kjølenmassivet på Lesjasida. Jønndalen skjer seg som ein canyon austover frå Slådalen, og har truleg danna ein sterk barriere for reinstrekket mot det lavrike Jettfjellet gjennom tidene, sjølv om fleire fangstgroper viser at reinen har vore også her. Men denne djupe revna i det elles rolege landskapet er eit spennande landskapselement på fleire vis. Muslidalen på Dovresida er ein anna frodig sidedal i området, som munnar ut nedst i Jønndalen.

Reinheimen nasjonalpark og Slådalsområdet inneheld noko av vår aller mest urørte fjellnatur. Som heilheit er Reinheimen prega av ein intakt habitatgradient som går frå ytre kystfjell i Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane til kontinentale innlandsfjell i Innlandet. Frå Lordalen og austover dominerer lavrike fjell i aukande grad mot Slådalstraktene og dei austlege endefjella her. Området frå Finndalen og vestover mot Aursjøen er variert, med ein miks av ulike beitetypar og andre funksjonskvalitetar (høgalpine område med mykje brear). Vest for Lordalen er det store areal med høgalpint landskap. Her er det skrinne beite i eit urlendt og fonnrikt landskap. Utover mot kystfjella er det mykje botnar og dalar med dels frodige grøntbeite.

Berggrunn Slådalen - kart: Anders Romundset NGU
Berggrunn i Slådalsområdet/austre del av Reinheimen. Områda med grøn skrift tyder kalkrik berggrunn, gul skrift tyder sandstein og raud skrift tyder grunnfjell/fattig berggrunn
(kart: Anders Romundset, NGU).

Det er viktig at vi har slike døme på fjellområde som dette, til lærdom og kunnskapsbygging no og i framtida. At den er urørt betyr ikkje at den har vore ubrukt av oss talrike tobeinte. Nei, tvert imot så det vore ein svært sterk tradisjonsbruk her gjennom tidene. Men det har ikkje vore noko forbruk i stor skala, slik vi ser i mange andre sør-norske fjell i dag. No har ikkje alltid magemålet vore bra her heller, noko utnyttinga av villreinen viser. Først med massefangst av grådyr i så stor skala at bestanden vart sterkt redusert, og mange hundre år seinare da krutvåpenet kom i vanleg bruk. Dei førte nesten til utrydding av desse før talrike og nøysame fjelldyra. Freding fyrst på 1900-talet berga dei siste restane, og sakte men sikkert bygde bestanden seg opp att. Ein tok lærdom av overbeskatninga og retta opp att skaden – i vissheit om kva stor betyding reinen hadde i bygdene her.

Rik berggrunn med sterke føringar for planteliv og fauna

Medan fjellpartia lengre vestover i Reinheimen for det meste inneheld fattig berggrunn/grunnfjell, har områda ikring Slådalen og austover mykje rikt, kalkhaldig fjell som forvitrar lett og etterlet tjukke lag med lausmasse (sjå kartet). Sagt på ein annan måte; grunnfjellgneissen er hard og forvitrar lite. Difor blir det lite lausmasse og tungt tilgjengeleg plantenæring i slike område. Den rike berggrunnen gjev i det heile eit rikare naturmangfald som kan speglast i ein rik flora og fauna i området.

Fjellblomar og planteliv

Ein kar frå Lesja ytra ein gong at turen i Grønhøa nesten kunne samanliknast med dei planterike og velkjente Knutshøene på Dovrefjell. Og at det er rik flora både her og vidare austover i og ikring Jønndalen er det ikkje noko tvil om, ettersom berggrunntilhøva gjev slik god grobotn for vokster. Juni er vel månaden fjellblomeprakta er på sitt finaste. Men for mange blomar er blømetida kort og vintersvevnen lang. Da gjeld det og nyta dei i den korte perioden dei er på topp. På kjøpet får ein fine glimt av insektfaunaen i fjellheimen.

Villrein, nøkkelarten i området

Stadig vandring og utnytting av lav som vintermat er reinsdyra sin viktigaste tilpassing i til skrinne fjellnaturen. Vandre må dei gjera for å unngå nedbeiting av dei sårbare vinterbeita, mellom anna. Vinteren er såleis sjølve «nålauget» dei må gjennom i det barske leveområdet sitt. Den likaste sesongen for reinen er nok litt ulik det vi sjølve likar; middels kald vinter med lett tilgjengelege beite, og kjøleg sommar utan for mykje insekt. Reinheimen er eit komplett leveområde for reinen med ein god ballanse mellom ulike funksjonsområde. Store høgalpine og fonnrike område gjer at dyra lett finn vern mot insektplagen på varme sommardagar. Store vinterbeitereserver i aust kan bli svært viktig på lengre sikt dersom vi får meir ekstremklima med jamleg nedising av lavbeita.

Villrein i Fjellheimen - Per Jordhøy
På vårvinteren trekkjer bukkane ned mot fjellskogkantane for å finne dei første grøne spirene. Det trengst kraftig, proteinhaldig kost for å bygge opp att muskelmasse og gevir hjå bukkane. Her frå Slådalen.

Fostringsflokkane sin bruk av området vinterstid frå 1970-talet og framover

I perioden 1975-80 var det og felt ein del rein på Dovresida i Skardshøområdet. Dovrejegrar har fortalt at det allereie i 1975 var observert rein som kryssa Slådalsvegen og oppheldt seg både haust, vinter og vår i området mellom Skardshø og Ståkåhø i fjellet nord for Jønndalen. Ein vår såg dei til og med dyr framme på kanten ved Gamle Toftesetra frå nede i bygda på Dovre.  Observasjonar av dyr i dette området skjedde innanfor ei 5-års periode frå 1975 til 1980. I Skardshø er det også fangstminner som vitnar om førekomst av rein her i tidlegare tider. I Jettfjellet er det gode reinbeiter og elles gode vilkår for reinen – særleg vinterstid, men på grunn av barrierer (Jønndalen og Slådalsvegen), vil truleg ikkje reinen trekke gjennom denne passasjen ved Dalgrove –  der Jønndalen har sitt utspring. At den fysisk kan trekke over Jønndalen nokre få stader er gjerne mogleg. Observasjon av ein bukkeflokk nedst i Muslidalen mot Jønndalsgardane kan tyde på at dyr kan krysse over her (Gunnar Holum pers. melding). Ein blandaflokk på 100-200 dyr vart elles sett frå Jønndalssetrene i området aust for Muslidalen ein gong sist på 1970-talet (Jan Ove Jønndal pers. melding). Det er elles svært få opplysningar om rein i dette området, men Ivar Kleiven (1923) skreiv at det vart skote store bukkar her på 1700- og 1800-talet ”I mange fjell, helst nogo nerar dalføre, som de no alder er rein`n aa sjaa, va de go reinsvon førr i ti`om. Uppi Jettun paa Dovre gjekk de stødt nogre degre storbukke; di gamle Andgar`skarane skull` vera saa go`e reinskjyttare, og døm skaut te kvart aar nogre taa desse abrikjeleg store bukkom i Jettun. Angar`skaran livde for paa lag 200 aar si`a, men no ha de ikje vore skote rein`n i Jettun i 2 manns minne. Og paa saamaa gjer`e er de i fleire andre fjell som ligg bygden nerast.”.. Ikring 1970 rømte det ei simle frå Otta slakteri, som fann vegen oppi Jettaområdet. Folk ikring samla inn pengar slik at dei kunne kjøpa ein bukk sleppa ilag med simla. I bladet Fjellnytt (organ for tamreinlag) vart det i nr. 1-1973 skreve at ”..dyrene fant hverandre og nå har flokken vokset også.” Korleis det gjekk med desse dyra fortel ikkje soga noko om.

Manningtjønn Fjellheimen - Per Jordhøy
Rike vinterbeite ikring Maningtjønn i austenden av Reinheimen

Fokusområde

Området ikring Slådalsvegen (vinterstengt) og høgspentIeidningane (300 og 132 kV) på strekninga frå Fauttjønn til Jønndalen kan ha ein barriereeffekt på reinstrekket austover. Av inngrep elles er det hytter ved Fauttjønn og parkeringsplassar langs vegen.

I området ikring flaskehalsen der Slådalsvegen svingar ned mot Dalgrove i øvre enden av Jønndalen er det registrert nokre fangstgroper. Fangstminna viser at dette kan ha vore eit knutepunkt mot Jettfjellet. Det er ein god del vårobservasjonar av bukkeflokkar frå tilgrensande område på Slådalssida dei siste 40 åra. Dei beitar på groe og nyspira vier og dvergbjørk, ved sida av noko beitelav. Det er moderat vegtrafikk sommarstid forbi/gjennom området. I høve til mogleg trekk av rein til Jettfjellet er dette punktet svært sårbart, da det er ein av få passasjer mot dette «øyfjellet».

Reinen sine leveområde i Reinheimen og Breheimen. Oversyn over ulike beite- og bruksområde.

Ei reinsjakt utanom det vanlege

Reinsjaktsoger er det mange av frå Reinheimen, og nokre av dei har den store dølaforfattaren Ivar Kleiven skildra/gjeve att  på meisterleg vis, og ei av desse er truleg frå Slådalstraktene:  Ein vinterefta på 1860-talet trampar det i svalgolvet i Søre Kleive på Lalm; «Ein høg, førvaksin Kar i saueskinnskjol helsar og lyder etter um det kan vera Hus for honom og Stall-Rom for Øyken til morgons. Mannen er ein Lesja-kar som fer med Sild, fersk Auger (Uer) og Kveite for salg». Om kvelden vart det jaktprat og lesjingen tok såleis til orde: «..Eg og ein med meg var inni Fjelle og tok Mose, og da vi kvilte og fekk oss Mat um dagen, vart eg huga til å gå ein Sving inn etter Fjelle og sjå meg ut eit betre Mosetak. Uppi ei høgd eit godt Stykkje undan, kann-hende mest ein Fjordung (ein fjerdings veg – 2,824km), laag det att ei Snøfonn, og på henne saag eg ein myrk Flekk. Soli skein varmt om Dagen, og Himilen var som ein Spegel. Gode Augo har eg havt, og i slik klaar Haustluft i Høgfjelle kan ein sjå baade langt og klårt. Denna myrke flekken på Snøfonna tyktest meg noksaa underleg, saa eg vart staaande og nidstirre paa’n. Di meir eg stirde, di tydelegare tykte eg at det stod upp eit Par klurute Horn.

Eg tenkte meg um lite, men so sette eg paa aa rekkje fort uppetter mot Fonni. Da eg kom meir hell halvveges, saag eg baade vel og visst, at det var eit reinskrøtur som laag sola seg paa Fonni. Men kva hadde eg no der aa gjera – laut eg spørja meg sjølv. Likevel tykte eg det skulle vera snodigt aa sjaa kor nære eg kunde koma innpaa han, og saa drog eg meg varleg nærare og nærare fonni. Reinsbukken han laag der som han skulde vore dau – eg kom i Riflemaal og Haglmaal, og sist var det ikkje maalstongi imillom oss. Han maatte liggja og sova – for dau var han ikkje med di eg saag Vombi røyvdest nå han drog pusten. Det bar til aa verte tanketvil for meg, det: Skulde eg vaage meg paa aa kaste meg yvi han og freiste skjera han i Strupen?

Imillom kvart Stig eg tok, stod eg og eva meg um: Sett um han vann paa meg! Da kunde han lett gjera meg Skade attpaa! Eg var ikkje meir hell ein god famn fraa honom, og da saag eg han drog paa eine Framfoten og bivra i Skinne ved Bogen for ei flugu – nei, da knepte eg stilt upp fallekniven og heldt han fast imillom Tennom, slengde meg som ein Elding (lynsnar person) i Skrevs yvi manken på Reinsbukken og fata han fast i Horni med baae Hendom. Jau, da skulde døkk set han vart vakin, og eg fekk kjenne til at det ikkje vanta honom noko paa Helsa!

Det vart eit basketak so ingen skulde sett Maken, og det var ikkje Tid til å bruke kniven. Mange vendur heldt han paa å skulde faa Føtene under seg, og hadde han berre det gjort, hadde eg visst faatt frisk Skyss. Av all mi Makt streva eg aa halde Hovudet og Horni hans ned i Marki, og so lengi eg orka aa bende han ned aat jordi, kom han ikkje upp. Det stod hardt med oss ei lang Rid, og eg byrja kjenne at kom det til å vara ei Stund til, maatte eg gje upp. Men da var det som han dovna lite, han au, so mykje at eg vaaga paa aa fata kniven i høgre Handi og gjeva honom eit aalvorsleg Drag i Halsen, saa Blodet fræste burtetter Marki. Da losna han siste Venda, verre hell nokon gong, og det barst Kant i Kant med oss burtetter Fjelle so Jord og Smaastein stod fraa oss, og eg saag baade Solir og Stjernor for Augom. Elles so blødde han so snøgt av seg, at det til all Heppe (lykke) ikkje varde lang Stundi før han armast og laag dau millom hendom paa meg. Eg laut sleppe meg ende ned ei lang Ri og hiva etter pusten. Men døkk skulde set korleis eg saag ut! Sveite og Jord og Blod all upp!

Eg skremde mest Live av honom som var med meg, da eg kom att-ende aat honom. Han vilde no heller ikkje tru eit Ord paa meg, fyrr me kom der Bukken laag med sundskorin Hals. Og saa går det meg kvar eg fortel um denne Veidingi. Men spør andre fraa Lesja som fer, so skal døkk høyre det er sant kvart eit ord».

Da losna han siste Venda, verre hell nokon gong, og det barst Kant i Kant med oss burtetter Fjelle so Jord og Smaastein stod fraa oss, og eg saag baade Solir og Stjernor for Augom. Elles so blødde han so snøgt av seg, at det til all Heppe (lykke) ikkje varde lang Stundi før han armast og laag dau millom hendom paa meg. Eg laut sleppe meg ende ned ei lang Ri og hiva etter pusten. Men døkk skulde set korleis eg saag ut! Sveite og Jord og Blod all upp! Eg skremde mest Live av honom som var med meg, da eg kom att-ende aat honom. Han vilde no heller ikkje tru eit Ord paa meg, fyrr me kom der Bukken laag med sundskorin Hals. Og saa går det meg kvar eg fortel um denne Veidingi. Men spør andre fraa Lesja som fer, so skal døkk høyre det er sant kvart eit ord».

Basketaket i Slådalsfjella
(Teikning: Harald Kolstad)

Fugleliv i og ikring Slådalen – frå trolsk kraggskog til gråsprengte nutar

Når du ein tidleg sommardag skal på ein real og lang fjelltur, og målet er ein av desse høge gråsprengte kollene, da kryssar du heimane til mange slags fuglar. For kvar av dei har sine høgdesoner der dei er nøye tilpassa. Nokre har breie soner medan nokre har smale, og elles har dei også veldig ulike livskrav. Dersom du ikkje berre er oppteken av ei svettande hardøkt, kan du sansa mykje når du går for deg sjølv utan headsett på øyrene. Ikkje minst alle desse lydane frå orkesteret til fjellet sine fjørkledde vener. Du undrar deg også over at nokre er fargerike medan andre er kjedeleg gråe, og at nokre trivst best i og ved vatn, medan andre pilar bortetter tørre lyngrabbar. Dette er den levande fjellfuglheimen. Og tru ikkje at den er likeeins over hundre år, sjølv om landskapet er tilsynelatande likt! Neida, i periodar forsvinn artar nesten sporlaust, medan nokre som før var sjeldne atter blir meir talrike. Da er det tid for kjenne seg ærbødig, når ein tenkjer over kor lite ein forstår av dette eineståande samspelet. Og alle endringar i faunaen treng ikkje alltid å vera menneskeskapt heller.

Solveig Gråberg frå Dombås med felt reinsbukk i Ståkåhø 1977 (Foto: S. Gråberg).

Små og store byttedyretarar – med–spelarar i den finstilte fjellnatursyklusen

I dag lever vi i ein slags konfliktsone der ein må balansera hårfint mellom å ha ein levedyktig bestand av store rovdyr og å halde deira predasjon på beitedyr på eit akseptabelt nivå. Ein vil gjerne ha ein så intakt og opphaveleg fauna som mogleg, samstundes som det skal vera mogleg å utnytte dei fornybare fjellbeita til produksjon av kjøt. Det betyr også mykje for bygdesamfunna våre å kunne tilby eit breitt spekter av lokalt foredla mat, i ei tid med mykje negativ fokus på import av ultraprosessert industrimat.

Det ser audsleg ut når ein er komen opp til gråsprengt urlende ikring dei høgste toppane, slik som Grønhøa og Kjølen i vestkanten av Slådalen. Men dei mest hardføre fuglane held stand her, slik som fjellrypa.

Dagrovfuglar som kongeørna har gode jaktmarker i dei frodige Slådalstraktane, og framifrå hekkeområde i dei bratte bergfloga i Jønndalen. Før i tida var dei sett på som noko «styggedom», men i dag veit vi at dei har sin rettmessige og naturlege plass i fjellnaturen sin fauna.

No må vi sikra og reparera

Villreinen er proklamert som nasjonaldyret vårt. Det har den i sannheit fortent etter å ha fylt matfata våre i over 11 000 år. Men har vi spurt grådyra om løyve til å øydeleggja heimen deira? For det har vi gjort til gangs dei siste mannsaldrane. Men no meiner jamvel Ola og Kari at grensa er nådd. For nylege vindkraftplanar aust i Reinheimen vart møtt med unison motvilje av bygdefolket ikring. Ei tydeleg røyst frå grasrota om at nok er nok! Reinheimens far, Olaf Heitkøtter, la grunnen for ein meir bærekraftig forvalting av fjella ikring Nord-Gudbrandsdalen. Og spirene etter hans innsats lever framleis, takk og pris. Men mykje skamfaring av fjellheimen er VI likevel ansvarlege for. No må det sterk lut til for å bøta på dette. Ein prøvestein er tiltaksplanane som no er under handsaming.  Kanskje ein også skal vurdera om også Reinheimen bør få status som europeisk villreinområde, av di den er av våre mest urørte, heilheitlege leveområde for grådyra.  Men også her er det reparasjonspotensiale. Og den sommaropne vegen mellom Vågå og Lesja over Slådalen kan ein vel vurdera den vidare trongen for no når same vegsamband via Selsruste er sterkt opprusta, og like snar å køyra mellom dei to bygdene. Slådalsvegen kryssar over eit 1000 år gamalt massefangstanlegg for rein (Verket), og dette viser vel tydeleg kva viktig område dette har vore for reinen i uminneleg fortid. Også den minste av to kraftleidningar som kryssar over fjellet her kan attendeførast ettersom den ikkje lengre fører straum. At den mellom anna er ei dødsfelle for fugl som trekkjer forbi her er eit vel dokumentert faktum. Vi har mange sterke fjellbrukstradisjonar i Nord-Gudbrandsdalen, utan at tilhøyrande ressursar har blitt forbrukt. Det må difor vera plass både for tradisjonsjakt, beitedyr og ein mangfaldig, vill fauna i Reinheimen NP, i ein høveleg god ballanse. No må vi visa at det faktisk går an – både å bruka, sikra og reparera.

Etter ein lang marsj sørover snaufjellflyene på Slådalen kjem du til Fauttjønn. Dette er ei rik våtmark med eit mangfaldig fugleliv sommarstid. Her ser du eit lite utval artar av vade- og andefuglar som er observert her; brushane , grønstilk, havelle og toppand. Den rike berggrunnen gjev seg utslag i mykje lausmasser, frodig vegetasjon og mykje næring.

Pin It on Pinterest

Share This