Villreinen 2019 – digital utgave

jul 12, 2019Villreinen 2019

For å nå enda flere lesere gir Villreinrådet i Norge også ut Villreinen 2019 digitalt. Med digital utgave fritt og lett tilgjengelighet på «alle skjermer», vil forhåpentligvis leserkretsen utvides. Den digitale utgaven er nå tilgjengelig for fri lesing!

Villreinen 2020

Abonnement?

Villreinen 2020 er kommet på lager. Bestill nå å få den rett i postkassa! Kun kr 150,- + porto!

5 Kommentarer

  1. Anne-Britt Wolff

    Helt supert at jeg kan lese.

    Svar
    • Fred Ivar Aasand

      👍

      Svar
  2. Per Ivar Gaarder

    Veldig bra! Men kunne kanskje ha ønsket at den hadde vært nedlastbar for å kunne medbringes til steder uten nettkontakt (men er muligens i største laget?) og/eller iallfall i et format som muliggjør forstørrelse av skriften til godt leselig på en mobiltelefon. Får ikke det til på min Android mobil. 😊👍

    Svar
    • Fred Ivar Aasand

      Hei,
      og takk for tilbakemelding.
      Jeg tror fila kan bli litt stor for nedlasting, men det kan testes. Alternativet er å bestille papirutgaven…👍
      Forstørrelse av teksten virker bra på min mobil. Jeg bruker tasten for «fylle vindu» (firkant med pil pekende ca. klokka 13) og forstørrer med fingrene. Hvis du bruker knappen ved siden av for fullskjerm (to piler motsatt rettet kl 13 og 19) tror jeg du ikke kan forstørre. Har merket litt problemer ved bruk av +tegnet (forstørrelsesknappen). Jeg ser imidlertid at knappene for deling på sosiale medier bør fjernes på mobilversjonen. Det samme kan jeg ev. også gjøre med pilene for navigering til neste eller forrige side, da man vel stort sett sveiper med fingrene på mobil. Alt dette tar jo litt av plassen på mobilskjermen.
      Ellers kan du navigere direkte til ønsket artikkel fra innholdsfortegnelsen, og tilbake til innholdsfortegnelsen ved knappen med tre streker over hverandre. Og du kan navigere ved å sveipe mellom minisider (thumbnails) ved å bruke knappen med 9 små firkanter.
      Men dette har du sikkert allerede funnet ut…👌

      Mvh
      Fred Ivar

      Svar
  3. Johan Vaa

    Setesdalsdyr på Hardangervidda- og litt til.
    Av Johan Vaa

    I Villreinen 2019 har Tor Punsvik og Lars Arne Bay ein artikkel der dei kjem inn på trekket over E134, i samband med spørsmålet om kor omfattande tunnelsystem det bør bli over Haukelifjell. Dei meiner at vegen som han er i dag eit hinder for eit viktig reinstrekk. Konkret hevdar dei at «I 1986 stod eksemplevis store deler av vinterstammen (Setesdalsreinen, min merknad) på Hardangervidda i områdene ved Møsvatn».

    Punsvik har skrive mykje opp gjennom åra, og burde vita at til ein så oppsiktsvekkjande påstand høyrer normalt dokumentasjon. I telefonsamtale visar han til at dette har han frå Lars Arne Bay. Han på si side fortel at, jau, i 1985 blei det fanga inn ein del dyr og sett øyremerke på i Setesdalsfjella. Lokalt feltpersonell (Ola Mosdøl og Helge Bitustøyl) fekk i oppgåve å fylgje med på korleis desse dyra trekte. Karane fortel no at dei kryssa E-76, som vegen då heitte. Men kor langt nord for dyra ? Det visste ikkje desse karane konkret, naturleg nok, men truleg maksimalt fem km (Bitustøyl). Mosdøl såg dei kryssa attende i februar, og at det var tale om tvo flokkar, ein på fem hundre dyr, og ein noko mindre.

    Det var det eg greidde å finne ut ved å spørje folk om hendingar ein god mannsalder attende i tid. Ved å grava litt meir, kom det for ein dag at det finst ein rapport om denne merkinga, utgjeven av Fylkesmannen i Aust-Agder: Rapport 7/1988. Arild Hoel: Merklng av Villrein. Erfaringer fra Setesdalsheiene.

    I 1985 og 1986 blei i underkant av til saman 200 dyr fanga inn nord for Hovden i Setesdal og påsette ulike øyremerke, etter kjønn og alder, greie å lesa av ved hjelp av kikkert. I åra etterpå noterte ymist feltpersonell kvar desse dyra var å sjå. Aktuelt publiseringsformat tillet diverre ikkje figurar og foto, men resultatet var: Eitt dyr har vore så langt som nord mot Songa,og eitt oppe i Valldalen, ei mil eller så nord for E134. Elles har dei i hovudsak halde seg i høgdene straks nord for for vegen.

    I februar er det framleis mykje att av vinteren, med snjomengder som kan gjera det vanskeleg for dyra å finne mat. At dei då trekkjer attende til Setesdalsfjella (jf. Mosdøl) indikerer at dette trekket meir har karakter av eit tilfeldig trekk – med næringssøk, sjølvsagt, – enn av eit målretta trekk til eit monaleg betre beiteområde. Fjella straks sør og nord for E134 er nokså like når det gjeld topografi og snjomengder. At Hardangerviddedyra dreg austover om vinteren, kan derimot klart karakteriserast som eit målretta næringstrekk.

    Lat for ordens skuld vera nemnt ein annan dokumentasjon av kryssing av E134: I Bordalen , ei halv mil eller så nord for vegen, blei fire simler utstyrde med radiosendar i 2002. Ikkje lenge etter dukka dei opp vest for Hovden, og vart rimeleg visst verande der sør. Det kan tyde på at dei hadde kome derifrå.

    Attende til påstanden referert innleiingsvis: Dette er ikkje berre i strid med det involeverte personar minnest, men òg i strid med ein rapport skriven på aktuelt tidspunkt. Kvifor ikkje slå opp i den?

    Å taka ting or lause lufta er eg som sterkt kritikkverdig, og lite tillitvekkjande.

    At Punsvik tek det littvint med fakta, er ikkje fyrste gongen. Sjå annan artikkel her på nettet, der eg tek opp noko anna han skriv i vllreinen 2019: At grunneigarorganiseringa på Hardangervidda og i Setesdal ikkje held mål. Og, boka hans Villreinen (2016), er heilt utan notar! Jau då, der er ei kjeldeliste, men ei faktabok bør ha eit noteverk som syner kvar einskildopplysningar er henta frå. Desinformasjon er vel for sterkt, då veit vedkomande at det han seier ikkje er rett. Men, grov kunnskapsløyse tek seg ikkje ut det heller. OmBrattefjell-Vindeggen skriv han:

    Oppdemming av Møsvatn ved århundreskiftet, bygging av riksvei 37 og parallellført kraftlinje, har sammen med sammen med hyttebygging skapt et effektivt stengsel (barriere) for villreintrekket som i tidligere tider gikk over Møsstrand.

    Dette kan lesast som at Møsvatn blei oppdemt ved siste hundreårsskifte, men det var førre.

    Hyttebygginga er eit stengsel, ja. Men, ho kom i hovudsak etter at trekket tok slutt av andre grunnar. Oppdemminga – og vegen? Eit fast trekk oppstod på 1950- talet, eit halvt hundreår etter fyrste oppdemminga. Det var aktivt etter at vegen blei vinterbrøytt, frå 1959/60. Trekket oppstod av di det var mykje dyr på Hardangervidda, og det tok slutt kring 1970, av di då var dyretalet der monaleg redusert.

    Kraftlinja? Eit par mil lenger vest, i Bitdalsfjella, er ho ikkje noko trekhinder .

    Ein ting til: VISA skriv:
    Ut fra historiske kunnskaper kan det se ut til at det tidligere har vært fire hovedreggioner med stor intern utveksling av dyr og i noen grad utveksling mellom regionene.

    I boka Målrettet Villreinforvalting (Punsvik og Jahren 2006) er dette omformulert til «En antar også at det har vært stor utveksling mellom regionene» (mi utheving). Her er faktisk NINA (sekretariat for VISA -prosessen) nemnt som kjelde. Ein spør seg om eit overgrønt grunnsyn har overstyrt evna og viljen til rett avskrift.

    Å få fakta presise, har sin eigenverdi. Men, eg vil òg fortelje lesaren: Ver ikkje trygg på at alt det Punsvik seier og skriv, er rett.

    Den vakne lesaren spør seg kan hende kvar eg har dokumentasjonen min frå: Har du ikkje alt boka Reinen på Hardangervidda – natur og kultur (2012), så kaup den.

    Svar

Send inn en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Pin It on Pinterest

Share This